Sunnfjord - paviljong i Førde

Både interessa og engasjementet vart stort blant lokalbefolkninga då det vart reist ei pop-up paviljong i Førde sentrum sommaren 2021.

Eit orkester spelar i den nye paviljongen i Førde, med publikum.
Den nye paviljongen blir teken i bruk av lokalbefolkninga. Foto: Studio HUG/Sunnfjord kommune.

Paviljongen vart reist sentralt i Førde sentrum, etter eit mangfaldig medverknadsprosjekt. Pilotprosjektet hadde som formål å leggje føringar for vidare byutvikling av offentleg rom i Sunnfjord Kommune. Initiativtakar var Sunnfjord kommune der arkitektkontoret Studio HUG vart engasjert i utstrekking av eit konkurranseforslag. Gjennom prosjektet klarte dei å realisere formålet om å løfta fram diskusjon og engasjement rundt offentlege plassar. Sluttresultatet var eit lågterskel gratistilbod som skulle gi ulike møtepunkt og erfaringar for byens innbyggjarar og tilreisande. Paviljongen stod i eit år; fram til mai 2022.

Paviljongen engasjerte lokalbefolkninga

Arbeidet med å reise den mellombelse paviljongen engasjerte ei rekkje menneske i Førde, og førte såleis til ein brei medverknad i prosjektet. Totalt 120 personar var involverte og delaktige gjennom medverknadsprosessen. Alt frå enkeltmenneske, organisasjonar, lag, institusjonar og til lokal industri har vore representerte, med eit alderspenn frå barneskulealder til pensjonistalder.

Aktørane i medverknadsprosessen var involverte på ulike nivå. Ungdomsrådet og SFKM kom med ynskjer i idefasen. Studio HUG hadde møter med byggingeniør studentar ved Høgskulen i Vestland og skype møter med to studentgrupper som var interessert i å skrive Bachelor oppgåva i samanheng med prosjektet. Engasjerte Mari Kjersti Bendz gav råd om planting og vekstar. Naturvernforbundet og Vie Adelsgard kunne bistå med å ta vare på nokre plantekassarom det var naudsynt. Det vart sendt mail til Astrupstunet om prosjektet kunne få avlingar. Diskusjon med Mo og Øyrane jordbrukskule om plantekassane og ulike lysningar.

 

Kommunen stod overfor ein større utfordring knytt til å få innbyggarar engasjerte i det sosiale rundt paviljongen. Utallige telefonar og samtalar vart ført med lokale lag og organisasjonen for å invitere til skaping av og bruk av paviljongen i form av skype-, zoom- og teamsmøter og fysiske møter. Altså gjekk mykje av prosjektet med til å formidle at ein får til det ein vil ved å aktivisere seg sjølv.

 

Design med fokus på berekraft

For designforslaget var det eit stort fokus på berekraft; Materiale kom frå lokale produsentar. Vidare vart det inngått samarbeid med Førde Sementvare AS med sirkulær økonomi og berekraft som eit konsept det vart bygd vidare på. Prosjektet hadde ambisjonar om å engasjere lokale aktører i alle steg av prosessen. Designet har blitt beskrive som enkelt med element som er kvardagslege og kjende, satt saman på ein ny måte som kan vekkja nysgjerrigheit.

Paviljongen fekk namnet Meieriplassen, vedteke av ei komité etter ein offentleg namnekonkurranse. Namngivinga vart så feira høgtideleg med dåp av Meieriplassen under opningsfesten den 24. juni. Tidlegare direktør for Tine Meieri, Thorkild Heieren, hadde æra av å døypa Meieriplassen ved å hella mjølk på ei av dei mørke betongsøylene i paviljongen.

Pilotprosjektet attraktive byrom pekte på fleire utviklingsmoglegheiter:

  1. Å skape eit rom for; å synliggjøre det som allerede finst gjennom eit aktivt program i paviljongen.
  2. Eit produkt; designe og følge byggeprosess ved å nytte lokal kunnskap
    og ressurser med fokus på bærekraft ved å verdsette gjenbruk
  3. Eit sosialt fokus; Motivere til sjølvinitiativ og komme med dømer på korleis brukarar kan nytte og engasjere staden
  4. Fungerande drift; Skape eit rammeverk og struktur rundt drift
  5. Å skape ein visuell identitet; skape bevisstgjøring og synleggjere aktørane Førde rommer
  6. Å lage eit system for dokumentasjon av erfaringer refleksjon av hendingar.

 

 

Sjå Førde på kartet