Ullensvang - aktivitetspark på Smelteverket

Ein aktivitetsbasert og grønn møteplass i Odda sentrum har lenge vore sakna, særleg av ungdom. Korleis kan Ullensvang kommune sikre naturmangfald og bærekraftig økosystem i eit parkområde, og samstundes løyse ynskjet frå ungdomen om en spanande hengeplass?

Illustrasjon frå mulegheitsstudiet av aktivitetspark i Odda.
Det var store ambisjonar for aktivitetsparken i Odda. Kjelde: Snøhetta AS.
Det er ein ambisjon å utvikle ein ukonvensjonell park som knyter seg sterkt til vår lokale identitet, og som skil seg ut som eit nyskapande anlegg nasjonalt. 

Odda utviklar seg og smelteverksanlegget får ein stadig viktigare del i by- og aktivitetstilbodet. Sidan 2020 har Ullensvang kommune jobba med utvikling av søndre del av Smelteverket i Odda sentrum, med ambiasjonar om å skape eit attraktivt byrom. Da kommunen gikk i gang med planlegging av ein ny park som bindeledd mellom byen og smelteverksanlegget, var målet å etablere ein urban aktivitetspark - særleg retta mot ungdom. Gjennom eit tett samarbeid med elevar ved Odda ungdomsskule og ei breitt samansett ressursgruppe, vart resultatet eit godt forankra skisseprosjekt.

Smelteverket som bærebjelke i ny park

Visjonen var eit anlegg som tufta på verdiar om berekraft - både bygningsmessig, sosialt og med natur integrert. Beliggenheita tett på Smelteverket og dei freda kulturminna ga potensial til å nytta delar av dei eksisterande industrikonstruksjonane som grunnlag for nye aktivitetar med vertikal leik. I tillegg til å skape ein møteplass for barn og unge, skulle prosjektet legge til rette for ein grøn folkepark. Saman med rådgjevarar på kulturminnevern i fylkeskommunen utvikla arkitektane skånsomme og nyskapande løysingar kor Smelteverksanlegget var ein viktig komponent. Resultatet var transformasjon av konstruksjonane til leikbare og aktiviserande element i parken kor industriuttrykket fortsatt fekk spele ein viktig rolle. 

Eit vesentlige grepet i transformasjonen var bruk av Grisen, tidligare nytta som døgnsilo for kalk. Bygningen står midt i parkent og er markant til stades i det sentrale plassrommet. Han er eigd av Ullensvang kommune og er ikkje freda, sjølv om den heng fysisk saman med det freda Skalltaket. Gjennom moglegheitsstudiet foreslo arkitektane å nytte konstruksjone til ny bruk særskilt tilpassa born og unge;  men ved sikring av installasjonar på øvste nivå, og tilpasninger i form av utsparinger, kan Grisen romme program for lekne mennesker i alle aldre. Moglegheitsstudiet syner eit anlegg med vertikal leik og hengestader - det ungdomen mest av alt ynskja seg. Andre aktivitetar inkludert i studiet er basketbane, sandvolleybane og eit større anlegg for rulleleik og parkour, som var etterspurd av ungdom. 

Det er jobba med hengestader for unge, samt med eit grønt uttrykk for å bryte opp asfalt- og betongjungelen som Smelteverket framstår som i dag.

Elevar som deltakarar i utforminga av parken

Fyste fase har bestått av utarbeiding av mulighetsstudie, kor medverknadsprosess med ungdomsskulen, etablering av ide- og verdigrunnlag har vore sentralt. Men andre brukergrupper har og vore delaktig i medverknadsprosessen og har sikra eit rikt idétilfang av aktivitetar, installasjonar og rammer. 

Alle elevar ved Odda ungdomsskule deltok i prosessen i samarbeid med Ungt entreprenørskap (UE). Dagens ungdomsskuleelevar har vakse opp med at Smelteverket er ein nedlagd fabrikk som har vore avstengd og mørk, og verka som at motivasjonsfaktoren blant elevane var høg. Elevane starta opp med ein halv dag til historisk gjennomgang og omvisning på Smelteverket i samarbeid med Kraftmuseet - særleg viktig då sjølve premisset for parken var at den skulle baserast på Odda si identitet som industristad. Veka etter brukte alle trinna ein skuledag til sjølve Innovasjonscampen i regi av UE, for ein todelt prosess; løysing av kreative oppgåver, samt innspelsrunde til korleis dei ser på tomta i dag, kor dei møtes og kva aktivitetar dei ynskjer. Resultatet danna grunnlaget for vidare arbeid med utforminga. 

Arkitektkonkurranse som anskaffelsesmetode

Det vart lyst ut konkurranse til fem utvalde arkitektkontor. Etter ein vurderingsrunde av innkomne forslag stakk Snøhetta av med seieren, og avtale om skisseprosjekt vart inngått kort tid etter. Etter ei felles synfaring, møtte arkitektane ressursgruppa og ei elevgruppe frå Odda ungdomsskule for planlegging av medverknadsprosessen. Snøhetta leverte eit fyste utkast til skisseprosjekt etter medverknadsprosessene, som opna opp for å gje innspel på foreslått innhald og organisering av parken. Midtveisevalueringen fremma og gode samtalar med ressursgruppa og andre brukarar, og bidro til ytterligare forankring av parkprosjektet. 

Den andre leveransen i moglegheitsstudie syner fysiske svar på attendemeldingane ved å konkretisere innhaldet for vidare utvikling av aktivitetsparken. Dei har òg teikna ein meir detaljert oversikt over andre moglege aktivitetar, samt innlemma dei grøne og blå elementa i parken.

Ressursgruppe: 

  • Ullensvang ungdomsråd (ulike representantar) og andre engasjerte ungdomar
  • Eldrerådet i Ullensvang kommune
  • Ullensvang kommune sitt råd for personar med nedsett funksjonsevne
  • 3D climb
  • Ullensvang Idrettsråd
  • Kraftmuseet
  • Ullensvang Handel
  • Odda IL
  • Odda Skateklubb
  • Ungt Entreprenørskap/ Næringshagen i Ullensvang

Nærnatur - viktig for folkehelsa

Parken er planlagt med fokus på både vatn og vegetasjon, og vil kunne glede både mennesker, insekter og dyr. Opne vasselement knytt til vegetasjon og rekreasjon vil kunne gi parken ein ny, økologisk og levande funksjon, også når det ikkje er så mange menneske der. Små bekkar og fargerik beplantning kan og skape ein kontrast til dei urbane og tunge, industrielle strukturane som allereie finst på staden, og ha funksjon som bakgrunn for samhandling og sosialt liv. 

Parken kan også ha ein positiv verknad på folkehelse. Aktivitetsparken blir ein møteplass på Odda som kan styrkje akivtitetsnivå, inkludering og sosial berekraft. Samstundes er nærnatur påvist å ha god verknad på folk si helse, trivsel, ro og livskvalitet, og er særskilt viktig for dei som ikkje kan oppsøke meir urørt natur av helsemessige eller andre årsaker. 

Vegen vidare

Moglegheitsstudiet gav gode svar på spørsmålet om korleis utvikle eit unikt anlegg basert på Odda si identitet og historie, som kombinerer rom for ungdom med ynskje om å skape ein folkepark. I 2023 ble det begynt forsiktig med opparbeiding av parken, med noe beplanting. Kommunen ser for seg å starte et større arbeid med parken i løpet av 2024.

 

 

Sjå Odda på kartet