Stord - mellombels møteplass i Leirvik

For å skaffe kunnskap og erfaring før den endelege utforminga av sentrum skulle bli bestemt, etablerte Stord kommune ein mellombels møteplass i Leirvik.

Bilete av det nye, mellombels torget i Stord kommune.
Det mellombels torg i Leirvik fekk både positive og negative tilbakemeldingar, som kommunen kan ta med seg i det vidare arbeidet. Foto: Stord kommune.

Som regionsenter i Stord kommune, er Leirvik by eit sentralt knutepunkt. Utvikling av sentrum framkom som eit viktig tema då kommunen starta arbeidet med å revidere kommuneplanen i 2020. Innholdsprosessene knytt til kommuneplanarbeidet viste at innbyggjarane ønskte fleire og meir attraktive, fysiske møteplassar. Ønsket vart stadfesta av fleire innbyggjargrupper - frå ungdom, til seniorar. Målsetningane bak prosjektet "Mellombels møteplass i Leirvik sentrum" ble difor å skaffe kunnskap og erfaring, før den endelege utforminga skulle bli vedteke. 

Nasjonalt nettverk for aldersvennlege lokalsamfunn

Stord deltek i det nasjonale nettverket for aldersvennlege lokalsamfunn, og har i denne samanheng etablert ei administrativ arbeidsgruppe med fire representantar for kommunale råd, og tre tilsette fagpersonar. Arbeidsgruppa skal vere rådgjevande og pådrivande for aldersvennlige tiltak i kommunen. Ambisjonen til det nasjonale nettverket for aldersvenlege lokalsamfunn er å sikra ei meiningsfull pensjonisttilværelse, både for den enkelte og for samfunnet. Dette er særleg viktig med omsyn til den aukande delen av eldre, da vi i gjennomsnitt lever lengre enn før.

Løysing med fokus på berekraft

Det er gjennomført kartlegging av både eksisterande og ønska tiltak, og eit ope dialogmøte der deltakarane prioriterte kva for nye tiltak dei meiner er viktigast. Arbeidsgruppa har arbeidd vidare med å gjere tiltaka konkrete. Eitt av dei prioriterte tiltaka er etablering av gode, fysiske møteplassar i sentrum. Eldrerådet i Stord har i sitt innspel til arbeidet peika på gode møteplassar i sentrum som særskilt viktig. 

Kommunen utarbeida ein byromsstrategi for Leirvik som vart brukt som rettleiar for plassering av møteplassen. For utan utprøving av plassering og form, var det også ønskjeleg å prøve ut materialval og fargar som kan vidareførast som standard for uterom i sentrum. Forslag til utforming og val av material vart utarbeidd av konsulent frå ABO Plan og Arkitektur. Designmessig vart det lagt vekt på gjenbruk og berekraftige materiale, og fargar og former som harmonerer godt med omgjevnadane. 

Tekniske tenester i Stord kommune har hatt ansvar for opparbeiding av møteplassen. Benkene er gjenbruk av eldre benker som er sandblåst og lakka og har fått nye seter og ryggstø. Vidare vart det kjøpt inn plantekassar, planter og bord. 

Møteplassen vart etablert hausten 2021 med ein sentral plassering på torget, rett utanfor det nye helsehuset. Det vart tilrettelagt for fleire sitteplassar i form av benkar, omgitt av grøne strukturar som trær, blomster og strå. Elementene skapte i lag ei hyggjeleg, lun og inviterande atmosfære. 

Utforminga ga både positive og negative tilbakemeldingar

Møteplassen blei nytta jamleg av innbyggjarar i alle aldrar, særskilt på dagar med fint ver. Plasseringa på torget blei skildra som god i høve besøkande til helsehuset og til torghandlarar. Den estetiske utforminga løfta områdets uttrykk, og gjorde torget meir attraktivt. Både fargeval og materiale har falle i smak hos publikum, noko som skulle bli lagt til grunn ved vidare utvikling av sentrum.

I tillegg mottok utforminga noko kritikk, som også kan takast med vidare i arbeidet. Møteplassen ble av nokre brukarar opplevd som for open og lite «intim». Andre synes plasseringa av benkane er for «tett» og ville heller ha enkeltståande benker rundt torget. Dette viser at det er viktig å ta omsyn til ulike behov ved utforming av møteplassar. 

Visjonen for den framtidige møteplassen er at ho skal leggje til rette for møte mellom menneske. Det skal vere mogleg å sitje åleine samstundes som ein kjenner seg som del av eit fellesskap. Møteplassen vart prøvd ut på to ulike stader. Dette har gjeve kommunen erfaringar som vil vere nyttige når møteplassen vert etablert fast som ein del av gjennomføringa av byromsstrategien. Kommunen seier det også kan vere aktuelt å prøve fleire stader. 

Sjå Leirvik på kartet