Ulvik - Sprek og sunn i sentrum

Sentrumsutvikling i Ulvik herad - korleis kan offentlig uterom og bygg fremje både trivsel, attraktivitet og folkehelse?

Fire kvinner som gjer yoga i ein park.
Utfordringar som for lite fysisk aktivitet, overvekt og for få lågterskel-møteplassar var utgangspunktet for fellesprosjektet. Foto: Shutterstock.

Endringar i sentrumsstruktur, flytting av tenester og ny bruk av bygg har over tid gjort nokre løysingar og arealbruk i sentrum mindre funksjonelle. Mellom anna saknast fleire og betre arenaer for aktivitet og samvær på tvers av befolkninga. Folkehelseoversikta frå 2019 i Ulvik viser at befolkninga har dei same utfordringene som landsgjennomsnittet; mellom anna for lite fysisk aktivitet, overvekt, og for få lågterskel-møteplassar. Saman utgjer dette bakgrunnen for Sprek og sunn i Ulvik Sentrum - eit fellesprosjekt mellam folkehelse og samfunnsutvikling. 

Offentleg rom som naturleg møteplass

Eit viktig mål for prosjektet var å styrke folkehelsa gjennom planlegging og uttesting av ulike lågterskeltilbod innan fysisk aktivitet. Vidare var det eit mål å legge til rette for offentlege rom som naturlege møteplassar på tvers av generasjonane. Folkehelseplanen for Ulvik nemner mellom anna tiltak som:

  • Stimulera til uformelle møteplassar der folk kan vere fysisk aktive
  • Utvida grøntareal med aktivitetar og tilrettelegging for ein møteplass på tvers av generasjonar

I prosjektet vart det vurdert og føreselgne fleire ulike tiltak som kan settast i verk som utprøvingstiltak. Slik kan interesse og oppslutning bli testa, som eit godt grunnlag for vurderinga om etablering av eit permanent tiltak.

Friskus er ein digital aktivitetskalender, der dei som tilbyr aktivitetar i heradet kan opprette ei arrangørside. Via arrangørsida kunne ein publisere både små og store aktivitetar, og målet var å gjere det lettare for innbyggarane i heradet å følgje med på kva som skjer. Det var stort sett positive attendemeldingar frå innbyggjarar, særskilt  den eldre generasjonen melde om at sida er oversiktleg og lett å nytte.

For barn med overvekt vart satt opp individuell oppfølging med fysioterapeut i samarbeid med fastlege og helsestasjon. Det var fokus på generell aktivitet og glede ved å væra fysisk aktiv. I samarbeid med prosjektet Ulvik friskliv og meistring ble det laga ein interkommunal avtale med Voss herad ved Voss friskliv og meistring om frisklivskurset «Bra mat» i 2022, kor to kurs vart gjennomført. 

Som del av prosjektet, vart gratis familiebading på søndagar testa ut. Då har dei fleste betre tid og kan sakne innandørs aktivitetstilbod. Det vart litt færre dagar en planlagd, grunna opprusting av svømmehallen og mangel på badevaktar, men responsen og besøkstala vart svært gode. Dei gode besøkstala gjer at heradet vurderar gratis familiebading på søndagar som eit permanent tilbod i vinterhalvåret frå haustferien til påsken.

Vidare har det vore undersøkte moglegheiten for å etablere ein utstyrsentral for gratis utlån av utstyr til ulike formar for fysisk aktivitet. Manglande kapasitet til å organisere eit lokalt BUA-tilbod har gjort at kommunen ikkje kom vidare i denne omgang, men vil forsøke å få det til for 2024. 

Sentrumsutvikling i Ulvik 

Eit funksjonelt og attraktivt by- og tettstadssentrum er viktig for berekraftig utvikling, verdiskaping og folks kvardagsliv. Som ledd i undersøking av korleis eit fremtidig sentrum i Ulvik kan sjå ut, fekk Bruket arkitektur i oppdrag av Ulvik kommune å utvikle eit mogleghetsstudie på Allmenningen og Skeietomta i Ulvik.

Almenningen mogleghetsstudie

Almenningen ligg i dag som eit ope område i Ulvik sentrum, som stort sett vert nytta til parkering. Området blir beskrevet som eit sentrumspunkt utan samanheng med andre delar av sentrum. Almenningen vart vidare skildra som ein stad som manglar tilrettelagde møteplassar, parkområde og plassar å sitja ned. Mogleghetsstudie synar korleis eit fragmentert sentrum kan knytast i saman. For oppgraderinga av allmenningen vart det derfor eit fokus på å strukturera parkeringsareal, leggja nytt dekkja og etablera møteplassar.

 

 

Skeietomta mogleghetsstudie

Skeietomta er lokalisert tett på sentrum i Ulvik, med naturskjønn utsikt over Hardangerfjorden. Funnet frå moglegheitsstudiet var at bustad bør vera den viktigaste funksjonen på Skeietomta, med ytterliggjarar 7 hovudgrep for utvikling.

Skissane illustrerer ein kombinasjon av einebustad og leilegheiter som gir moglegheit for ei variert samansetjing av bebuarar i Ulvik. Strukturen på bygga går mot småhusbebyggelse og utgjer ein tett og låg struktur. Arkitekturen spelar på tradisjonell byggeskikk i Ulvik og skaper gode mellomrom med plass til møte og leik.

Hovedgrep

  1. Eit nytt nabolag i fjordbygda
  2. Mangfaldige og opne møte med fjorden
  3. Pallefabrikken – ei ny type fabrikk for felleskap og nabolagsbygging
  4. Eit torg for møte og marknad
  5. Ny bru over elva
  6. Samla parkering – gje mjuke trafikantar plass i bilfritt miljø
  7. Gje eit svar på klimahensynet
  8. Ein tydeleg plan videre

 

 

Sjå Ulvik på kartet