Utviklingsplan for Vestland 2020-2024

Korleis skal vi i Vestland jobbe i lag for å bli det leiande verdiskapingsfylket?

Utviklingsplan for Vestland 2020-2024, regional planstrategi, er den overordna planen for samfunnsutviklinga i Vestland. Den viser utfordringar og utviklingstrekk i fylket, har langsiktige mål, og strategiar for korleis vi skal nå dei og møte utfordringane.

Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 Regional planstrategi (pdf)

Fire hovudmål

  • Mål 1: Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg.
  • Mål 2: Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling.
  • Mål 3: Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland.
  • Mål 4: Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping

Utviklingsplanen er bygd opp rundt FN sine berekraftsmål, sjå meir om desse nedst på sida. 

Kven lagar planen?

Kvar valperiode lagar vi ein ny regional planstrategi (utviklingsplan) i samarbeid med kommunar, statlege organ og organisasjonar i fylket. Fylkeskommunen er planmynde og fylkestinget vedtek planen. Den har utgangspunkt i nasjonale mål, men legg vekt på lokal erfaring. Vi skal vere einige om kva som er hovudutfordringane i regionen, og kva moglegheiter som bør prioriterast. Planen skal bidra til god samhandling på langs og tvers fylket.

Kven gjeld den for?

  • Utviklingsplanen skal ligge til grunn for både statleg og kommunal planlegging i fylket.
  • Den gjev fylkeskommunen, kommunale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag. 
  • Planen styrer korleis fylkeskommunen prioriterer ressursane sine i økonomiplan og budsjett. 

     

tre bilder på rad for å illustrere arbeid med utviklingsplan for Vestland 2024-2028. Bilde 1 viser to el-ferjer på fjorden ein sommardag mellom holmar og skjær, bilde to viser to elevar i vidaregåande skule som jobbar med ei industrimaskin, bilde tre viser ryggen til fylkestingsmedlemmar som sit i møte og rekk opp handa for å stemme.

Den neste utviklingsplanen - Vestland 2024-2028

  • Kva gode moglegheiter i Vestland skal vi prioritere framover?
  • Korleis få til berekraftig utvikling?
  • Kvar må vi bli betre og kva er utfordringane våre?

Utviklingsplanen for Vestland 2024-2028 er i gang og skal vere klar hausten 2024. I det nye kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med planen finn du den nyaste statistikken, ferske fakta, aktuelle utfordringsbilde og framsyns-scenario. 

Les meir om prosessen med vår neste utviklingsplan og kunnskapsgrunnlaget

Plan- og bygningslova seier at fylkeskommunane minst ein gong i kvar valperiode skal lage ein langsiktig regional planstrategi som skal vedtakast av fylkestinget. Planstrategien skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker.

Når han er vedtatt skal både kommunane og statlege og regionale organ legge han til grunn for planlegginga si.

Lova opnar for at regional planstrategi kan fastsette regionale utviklingsmål, og dette er grunnen til at vi i Vestland kallar den for Utviklingsplan for Vestland.

Les meir om regional planstrategi i plan- og bygningslova.

Berekraftsmåla til FN er lagt til grunn for utarbeidinga av utviklingsplanen. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

I rapporten om utfordringar for Vestland og i folkehelseoversiktsdokumentet er det vist korleis måla til FN heng saman med hovudutfordringar i Vestland.

Illustrasjon som viser FNs 17 bærekraftsmål.

Utviklingsplanen var ute til høyring våren og sommaren 2020. Vi fekk inn mange innspel frå kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar og andre. Alle høyringsinnspela er samla i dette dokumentet:

Administrasjonen i fylkeskommunen har summert opp og kommentert alle høyringsinnspela i ein eigen høyringsrapport: