Vik - Fra p-plass til torg

Vik sentrum fekk eit områdeløft då dei etablerte eit nytt torg i sentrum som ein møteplass for sine innbyggjarar.

Bilete viser torget i bruk på sensommeren 2021 i samband med valkampen. Det er stand frå Senterpartiet, og mange menneske har samla seg på torget.
Torget kan brukast til både store og små hendingar i kommunen. Her ser vi det i bruk på seinsommaren 2021 i samband med valkampen. Foto: Vik kommune.

Det nye torget i Vik sentrum har tidlegare vore ein lite definert og asfaltert plass, nytta til parkering. Torget har ein sentral beliggenheit mellom den historiske verna delen av sentrum og den meir moderne, aktive delen av sentrum med hotell og handel. Fleire arkitektoniske grep blei gjennomførte som saman var med på å løfte plassen; eit dekke av lys granitt med kontrast til asfalten, vegetasjon som skapar eit skille til bilvegen, betongkant med sitteflate og sykkelparkering. Etter oppgraderinga stod Vik kommune igjen med ein ny, velfungerande og vakker utandørs samlingsplass. 

Tilrettelagt for aktivitetar

Opparbeiding av det nye torget tok til sommaren 2021. Torget har vore opparbeidd som planlagt, men nokre ekstra element som ikkje var med i anbodskonkurransen har blitt lagt til: stativ for sykkelparkering, straumtilgang for torgboder/torgsal, natursteinsmur mot eksisterande terreng og nedfelt juletrefot. 

Torget har allerede vore tatt i bruk ved større tilstellingar, som valkampen i sommar/haust og 10-års minnemarkeringa for 22.juli. Det har også vore torgsal, og første sundag i advent var det julegrantenning med gang rundt juletreet. Kommunen har fått mange positive tilbakemeldingar frå innbyggjarane i Vik, oppgraderinga blei ikkje berre ein viktig møteplass for lokalbefolkninga og besøkande, men fekk også gode ringverknader for gatelivet.

 

 

Sjå Vik på kartet