Ulvik - skulemat til elevane

Til glede for lokalsamfunnet i Ulvik starta kommunen opp ei prøveordning med gratis skulemåltid for delar av 2021.

Skulebarn som et servert lunsj i kantina.
Skulemat var eit nytt tilbod for grunnskulebarn i Ulvik kommune hausten 2021 for å forbetre folkehelsa. Foto: Shutterstock.

Ulvik herad fekk støtte frå Vestland fylkeskommune for gjennomføring av ei prøveordning for skulemat i 2021. Kommunen har som mange andre kommunar utfordringar med sosioøkonomisk ulikskap, for lite fysisk aktivitet og overvekt i befolkninga, og få lågterskel møteplassar. Skulemåltid vart etablert i 2021 som eit folkehelsetiltak i Ulvik, med varigheit frå september til midten av desember. 

Samarbeid som forutsetning

Skulen og kjøkkenpersonalet på omsorgstunet var samarbeidspartnarar i prosjektet. Ynskjer for lunch vart henta inn frå elevar, som personalet på omsorgstunet tok med i planlegginga av måltida. Ulvik kommune nytta tilskotsmidlane til utgifter for mat, men dekkja selv omkostningar for kjøkkenpersonale til å lage maten. Resultatet var servering av varm lunsj ein dag i veka for grunnskole-elevane ved Brakanes barne- og ungdomsskule.

Skulemat - eit folkehelsetiltak på fleire plan 

Skulemat vart så populært og vellykka at skulen inkorpererte det inn i budsjettet for 2022 - både lærarar, elevar og kjøkkenpersonale hadde stor gleda av prosjektet og ga positive tilbakemeldingar. Besøk av skuleborna på omsorgstunet laga mykje glede hjå bebuarane. Mange eldre kom ut for å kikke og sjå på det livet barna laga. Ulvik kan varmt anbefale andre kommuner om å lage prosjekter som inkluderer møteplasser for fleire generasjoner. Skulemåltid er eit positivt folkehelsetiltak på mange plan, og både skulen og omsorgstunet fortsatte med tiltaket i 2022.  

Sjå Ulvik på kartet