Bergen - Torgdag i Loddefjord

Ved å invitere store og små til torgdag gjenskapte Bergen kommune dei gamle torgdagane i Loddefjord på ein ny måte.

Ein stand med aktivitetar for born og unge på torget.
Torget bydde på mange ulike aktivitetar for små og store. Foto: Paul Bernard Visuals/Svanefoto.

Laurdag 17. juni 2023 var det klart for torgdag i Loddefjord. Tilbake på 70-talet var torget ein flittig brukt møteplass i Loddefjord, med plass til aktivitetar og liv. Etter kvart som Loddefjord bydel utvikla seg, vart torget omgjort til Vestkanten kjøpesenter med skøytehall og badeanlegg. Lokalbefolkningen saknar likevel torget i Loddefjord, og no har Bergen kommune tatt grep. 

Torget - ein viktig og sakna møteplass

Bergen kommune hadde ambisjonar om å skapa ein møteplass for heile befolkninga i Loddefjord då dei gjekk i gang med ein områdeplan for korleis Loddefjord skulle utvikla seg. Under arbeidet oppdaga dei at det ein gong eksisterte eit Loddefjord torg - ein plass tilgjengeleg for folk, som husa mange aktivitetar. Dette var utgangspunktet for både initiativet, utforminga og gjennomføringa av torgdagene i juni.

Engasjement blant innbyggarane

Eit informasjonsmøte vekka stort engasjement i lokalbefolkninga, og mange idéar og forslag til revitalisering av de sentrale deler av Loddefjord. Nokre av idéane som vart foreslått var utplassering av gamle bilar frå 70-talet, oppretting av Walk of fame knytt til Loddefjords befolkning, samt skiping av ein kulturell matreise slik at heile verda kunne komme til Loddefjord. Fantastisk å få vere med på å forme staden, i staden for at endringane kjem utanfrå, som ein av deltakarane sa det. 

Innbyggjarane har stor tru på etablering av eit permanent torg i Loddefjord. Ein innbyggar meinte alle burde ha moglegheit til å bruka den når dei ønskjer det - til dømes idrettslag eller organisasjonar som set seg opp på ei liste og sett i gang aktivitetar; ...det trengst aktivitetar for unge som eldre, einslege som gifte - alle har behov for eit tilbod.

Kommunen har ikkje førebels planar om å gjenta arrangementet, men ser behovet for ein offentleg samlingsplass for mangfaldige aktivitetar i bydelen. De vonar at dei har starta ein god trend med å samle folk utandørs og vise potensialet for aktivitet på flater som til dagleg har ein anna bruk, og at aktivitetane vert vidareført i ein eller anna form. 

 

 

Sjå Bergen på kartet