Austevoll - skulen som sosial arenda på Storebø

Storebø skule har for knappe areal til elevane slik situasjonen er i dag og har potensial for å opne seg meir mot lokalsamfunnet - korleis knyte seg tettare på lokale behov?

Seks barneskuleelevar som går inn til skulen.
Skulen i den trivelege tettstaden - inneber å utvikle tettstaden Storebø til ein attraktiv plass for folk å vere og bu i. Foto: Shutterstuck.

Det er kjent at Storebø skule har for knappe areal til elevane slik situasjonen er i dag. Arealet gir plass til 250 elevar, og dette har dei siste åra krevd kreative løysingar arealmessig. Den forventa elevtalsauken ved Storebø skule dei næraste åra gjer det nødvendig å planleggja ei utviding av skulen både på kort sikt, og i lengre perspektiv. For å dekke det langsiktige behovet, starta kommunen arbeidet opp med ein prosjektplan der skulen blir hjartet i tettstaden Storebø. Skulen i den trivelege tettstaden handla om å la skulen ta ein aktiv rolle i å utvikle tettstaden Storebø til å bli ein enda betre stad for folk å vere og bu i.

Skulen si betyding i lokalsamfunnet

Arbeidsgruppa gjennomførte ein medverknadsprosess der det kom fram at det er lite synergi mellom aktivitetane i området og utforminga av bruk. Det vart tydeleg at området har ein veldig stor betydning enn berre ordinær skuledrift. Skulen ligg midt i ferdselsåra mellom næringsaktivitet, kollektivknutepunkt, sjø og offentleg tjenesteyting. Skuleområdet og omkringliggande areal blir difor knutepunktet og hjarta i tettstaden Storebø. Skulen kan fylle så mange fleire behov, enn berre undervisning. Ambisjonane var at skulens bygg, utforming og uteområde skulle vere med på å trekke aktivitet til området, og vere ein katalysator for aktivitet i bustad- og næringsområda kring skulen, samstundes som ho laga ein overgang mot sjøen. Kommunen såg behovet for å inkludere andre interessar og brukargrupper som ikkje er ein del av skolen sin daglege bruk og aktiviteter.

Kva kan vere løysinga?

Det vart gjennomført ulike aktivitetar for arbeidet med prosjektplanen. For å kartlegge kven tiltaket omfattar, vart det nytta ein interesseanalyse. Ein slik analyse kan gi informasjon knytt til kva konsekvensar prosjektet får for ulike berørte partar. For å få fram dei ulike stemmene og behova, vart det halde eit innspelsmøte. Vidare vart det innhenta kunnskapsgrunnlag, med formål om å få ein evidensbasert tilnærming til mogelege løysingar. Til slutt vart det gjennomført eit moglegheitsstudie, som eit resultat av aktivitetane nemnde ovanfor. 

Målsetningar for prosjektet

  1. Utvikle ein tettstad med skulen som hjarta og som inviterer til kvardagsaktivitet. 
  2. Området skal vere tilgjengleg for alle. Den naturlege vegen å gå, skal vera universelt utforma og skal brukast av alle som ferdselsmønster.
  3. Arkitekturen i området må gje meining med tanke på kulturelle aspekt, den skal bidra til å danna ein identitet for området. Det skal vera ein møteplass for både leik og læring, og sosialt samvær i alle aldrar.
  4. Kartlegging og sambruk mellom alle aktører i tettstadområdet for å skapa god flyt i ferdselsårene både for trafikken og dei mjuke trafikantane (shared spaces).

Vegen vidare

I dag (2023) er dette eit pågåande prosjekt, og arbeidet er godt i gong. Kommunen har starta planlegginga av utbygginga av Storebø skule. I den samanhengen er det teke avgjerd om å utvikle uteområdet til skulen for å leggje betre til rette for bruk både i og utanfor skuletida. For å gjennomføre arbeidet er det etablert ei gruppe som skal arbeide med prosjektet, saman med eksterne aktørar som arkitektfirma med meir.

Sjå Storebø på kartet