Stad - Ny giv i Eidsgata

Korleis ser draumane for Eidsgata ut? Innbyggjarane i Stad kommune tok del i  moglegheitsstudiet som skulle kartlegge drømmescenarioet for Eidsgata i 2030.

Eit historisk bilete av Eidsgata i Stad kommune, med fleire menn i dress langs gata.
Eit historisk bilete av Eidsgata i Stad kommune. Foto: Isak Hellebust, Fylkesarkivet i Vestland.

Ein bør verne om det som set spor hos folk, det dei hugsar og kanskje har lyst til å kome attende til. Når eg har vore på ein stad, så er det kanskje den vesle, skakke butikken med heilt annleis ting inne i det vesle smuget eg hugsar. (ukjent deltakar) 

Eidsgata er ei historisk kulturgate i sentrumskjerna i Nordfjordeid, i Stad kommune. Du finn ho berre eit steinkast frå Eidsfjorden, eller ein rusletur frå vikinggravene på Myklebust. Gata inngår i Riksantikvarens NB!-register som er ei database over byar og tettstadar i Noreg med kulturmiljø av nasjonal interesse. For kartlegginga av potensialet til Eidsgata vart det gjennomført ei moglegheitsstudie med stort fokus på medverknad frå innbyggjarar.

Ein kulturrik gate

Nordfjordeid har eit særskilt særpreg med sitt rike kulturmiljø. Eidsgata og Tverrgata er av den best bevarte trehusbusetnaden i fylket. Langs gata finn ein den samanhengande, eldre bygningsmassen med historiske hagar og uthus (sjå bilete lengre ned). Gatene har kvar sin tydelege profil med større og meir forseggjorde handelshus i Eidsgata, til dei enklare og mindre bygningane i Tverrgata.

Kathrine Berg, styreleder i Bergart Eigedom AS i Nordfjordeid, uttrykkjer store ambisjonar når det gjeld drømmescenarioet for den framtidige Eidsgata:

Vi må våge å vere annleis og dermed tiltrekke oss folk som gjerne vil ha ei meir personleg oppleving. Om det er handel eller andre ting ein er ute etter. Eit fyrtårn for lokal handel med sjel! 

Moglegheitsstudiet - brukarsentrert designmetodik

Brukarsentrert designmetodikk invoverte brukarane av Eidsgata grundig i prosjektet, og sat premissane for forslaga og eksperimenta som vart utarbeidd. Prosessen skulle danne ein brei idé- og løysingsbase, før ein utarbeida forslag til vegen vidare. Målsetningane for moglegheitsstudien var følgjande:

  1. Avklare korleis Eidsgata sine prioriterte, historiske karaktertrekk og ressursar kan forvaltast og utviklast i eit økonomisk, sosialt og miljømessig perspektiv
  2. Avklare tolegrensa for utvikling og vern i Eidsgata.

Lokalbefolkninga sine ønskjer og bekymringar

Gjennom moglegheitsstudie fekk lokalbefolkninga dele si meining knytt både til nosituasjonen, samt korleis deira framtidige draumar for staden såg ut. Lokalbefolkninga beskriv fleire stedutfordringar, hvor ujamn og manglande aktivitet i Eidsgata vektlegges. Fleire ønskjer første etasje avsatt for handel og tenester, medan etasjane over kan nyttas til kontorar og leilegheiter. Innbyggjarane opplevar ein stoltheit rundt Eidsgata, og det registreres eit ønske om å vitalisera den med historien i behald. 

Fleire peiker på det som ein fordel med Eidsgata si nærleik til handelssenteret, men at synergiar mellom gata og senteret med fordel kan styrkast. Mange uttrykte samstundes bekymring knytt til vid fortolkning av reglar og restriksjonar for renovering. Bekymringa var at utviklingsprosjekt ikkje ville harmonera med trebebyggelsen, og endre den historiske atmosfæra. Fleire uttrykte eit ynskje om klårare reglar og rettleiing frå kommunen ved utviklingsprosjekt. Alle er einige i at liv i Eidsgata vil gjere Nordfjord meir attraktivt, men at den samstundes tek vare krav til universell utforming og omsyn til myke trafikanter.  

Kommunen konkluderte med at Eidsgata treng ein robust og felles organisering for å sikre samarbeid og unngå isolerte aktørar, og at dugnadsinnsats ikkje er tilstrekkelig for å sikre god fremgang og effektivitet. 

 

Sjå Eidsgata på kart