illustrasjonsfoto av dame som ser ut vinduet fra høy etasje i kontorlandskap

Kontor i Vestlandshuset

Handelsbanken, Mazars, Experis, Sikt og Harris Advokatfirma har flytta inn i Vestlandshuset. Dermed er huset fylt opp. Dei kan glede seg over flotte kontorlokale og fantastisk utsikt! Som leigetakar har dei tilgang til fleire fellesområde.

Vestlandshuset er ei ikonbygning for Bergen og heile Vestland. Her kjem du tett på alt som rører seg. Kombinert med topp moderne og miljøvenlege løysingar er dette perfekt for ei verksemd som vil ha ein seriøs og framtidsretta profil overfor kundar og samarbeidspartnarar.

Bygningen er utforma med tanke på trivsel og effektivitet for alle brukarane. Fasilitetane er i øvste sjikt og er tilpassa den fleksibiliteten eit framtidig arbeidsliv krev.

 

Fakta om Vestlandshuset

Utleige areal

5075 m²

Grunnflate

880 m²

Etasjar

7

Dei som leiger i Vestlandshuset vil få tilgang til:

  • 1. etasje med vrimleareal, resepsjon, næringslokale og spisestad
  • Takterrasse/hage.
  • Stor kantine saman med dei andre som har arbeidsplass i fylkeshuset. 
  • Møte- og konferansesenter med 31 møterom, to store salar og ein fylkestingssal som også kan leigast til konferanse eller arrangement. 
  • Sykkelparkering med garderobe 
  • Treningsrom