Ein berekraftig arbeidsplass

Solceller på taket, store opne areal, lågt energibehov og robuste materialar er med på å gjere fylkeshuset berekraftig.

Høg miljøstandard

Det nye fylkeshuset vil med god margin oppfylle den høge miljøstandarden, BREEAM-NOR Excellent. Alle areal skal ha gode dagslysforhold, utsyn og blendingskontroll. Fasadane vil bestå av 50 prosent vindauge frå golv til tak, og 50 prosent tett vegg. Dette vil halde energibehovet til oppvarming om vinteren og kjøling om sommaren på eit lågt nivå. Ventilasjon blir behovsstyrt med luftkvalitetssensorar. Dette vil sikre god inneluftkvalitet med svært lite energiforbruk til ventilasjon.

solcellepannel på tak

Solceller på taket

Taka på fylkeshuset vil få ein stor solcellepark. Solcellepanela vil produsere oppunder 100 000 kWh/år. Det tilsvarar om lag like mykje straum som å trengs for varme opp om lag 10 husvære. Solcelleanlegget vil i tillegg til å sikre optimal produksjon per panel, gi høve for å kutte spenninga frå anlegget til nær null ved behov.

Lunsj i det grøne

Fylkeshuset vil få fleire takterrassar og hagar. Her kan du ta ein liten pause og slappe av i hagar på ulike nivå høgt over bakkeplan, omringa av lokale planter og tre. Hagene vil gi deg ein god og variert arbeidsdag. Du vil alltid kunne trekke litt frisk luft i det grøne, midt i ein kontorbygning, midt i byen.

parkert gammel grønn sykkel

Stor sykkelparkering

I det nye fylkeshuset kjem det ein stor sykkelparkering med plass til 250 syklar og 50 el-syklar. I tillegg kjem 30 sykkelparkeringsplassar for gjestar. For deg som syklar eller løper til jobben har vi dusj og garderobar. Vi vil og ha eigne skap for hjelm og batteri til el-syklar. Treng du å komme deg til andre sida av sentrum, men manglar sykkel? Då finn du dei grøne bysyklane på heile tre stader i nærleiken; på plassen utanfor St. Jakob kyrkje, ved Scandic Ørnen og på Bystasjonen.

Lågkarbonbetong og resirkulert stål

Ved å bruke robuste og haldbare materialar, vil bygget få lang levetid, låge vedlikehaldskostnadar og lågt behov for utskiftingar. Primærkonstruksjonen er planlagt å bestå for det meste av lågkarbonbetong av så høg kvalitet som praktisk mogleg. Der det må brukast stål, er det planlagt å bruke resirkulert stål. Det gjeld mellom anna bjelkar, pålar og armeringsjern.

Berekraftige materiale

Flere stader i bygget blir det berande element i tre, som til dømes i fylkestingssalen, utvalssaler og i delar av kantina. Tre, hovudsakleg kortreist ask og eik, skal i delar av bygget nyttast som innvendig kledning på veggar, på golv og i tak.