Skjema - vidaregåande opplæring

Her finn du ei oversikt over dei fleste skjemaa vi bruker innan opplæring og karriere.

Bestilling av kompetansebevis

Dersom du treng kompetansebevis finn du bestillingsskjema og meir informasjon på sida vår Sensur og dokumentasjon.

Fråvær på eksamen

Om du blir sjuk på eksamensdagen eller blir hindra av andre uføresette grunnar som du ikkje sjølv rår over, vil du få rett til utsett eksamen i neste eksamensperiode.

Les meir om fråvær på eksamen og finn skjema for å melde om fråvær

Klage på privatisteksamen

På skriftleg eksamen kan du klage på eksamensresultatet.

På munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen kan du berre klage på formelle feil som du meiner har påverka eksamensresultatet ditt.

Fristen for å klage er 10 dagar frå du blei kjend med, eller burde gjort deg kjend med, resultatet.

Les meir og finn skjema for å sende klage

Klage på karakter for elevar

Om du er elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.

Les meir om dette og send klage.

Tilrettelegging av eksamen

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om tilrettelegging.

Les meir om tilrettelegging og send søknad

Ettersending av dokumentasjon

Skjema for å ettersende manglande dokumentasjon.

Hospitering

Rapport på gjennomføring

Meldeskjema - flytting til/fra barneverninstitusjon 

Flytting til og frå barneverneinstitusjon skal meldast til Vestland fylkeskommune på eige digitalt meldeskjema (jf. oppll. §13-2). 

Les meir og finn meldeskjemaet

Varsel om mobbing/kritikkverdige forhold

Du har rett til eit trygt og godt skulemiljø, utan krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering

Les meir om kvifor og korleis du melder frå dersom dette gjeld deg.

Ettersending av dokumentasjon

Skjema for å ettersende manglande dokumentasjon.

Informasjonsskjema

Skjemaet kan brukast i samband med overgang frå ein skule til ein annan.

Frist for innsending er 1. juni.

Informasjonsskjema

Meldeskjema for fortrinnsrett

Meldinga frå kommunane til fylkeskommunen om elevar som søkjer fortrinnsrett etter §§ 6-15, 6-17 og 6-18 i opplæringslova må vere sendt til oss innan 1. oktober.

Kommunen må sørgje for samtykke frå elev/føresette før informasjonen blir sendt.

Spørsmål kan sendast på e-post Inntak@vlfk.no

Frist for innsending er 1. oktober

Meldeskjema fortrinnsrett

Melding om flytting og inntak i annan region

Dersom du skal flytte til eit anna nærskuleområde eller flyttar til/med føresette til fylket vårt og skal søkje vidaregåande opplæring hos oss må du fylle ut skjemaet under.

Meldeskjema ved flytting

Omprioritering

Dersom det er særlege grunnar kan du søkje om å få endre søknaden din etter søknadsfristen gjekk ut. Skjema kan brukast mellom 1. april og 1. juni. 

Søknadskjema omprioritering

Permisjon

Skal du søkje om kortare permisjonar, er det skulen du går på som skal behandle dette.

Men dersom du skal søkje permisjon for heile skuleåret må du sende oss ein skriftleg søknad. Du søkjer digitalt (i same skjema som for utvida rett).

Hugs å legge ved dokumentasjon.

Søk permisjon

TAF/YSK

Denne utdanninga (tidlegare TAF) fører i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. 

Vi har fylkesdekkande tilbod innan YSK-opplæring ved Knarvik vidaregåande skule, Fusa vidaregåande skule og Måløy vidaregåande skule

Du søkjer på vigo.no og må i tillegg sende inn eige søknadskjema før 1. mars.

Utveksling på vg2

I tillegg til at du søkjer skuleplass på vigo.no må du også fylle ut eit søknadsskjema dersom du ønskjer å ta vg2 i utlandet. Søknadsskjemaet vil vere opent å søknadsperioden (januar til 1. mars)

Les meir om tilboda våre for utveksling

Søknadskjema utveksling

Utvida rett

Skal du søkje om utvida rett til vidaregåande opplæring? 

Du kan søkje om:

  • utvida tid etter § 3-1, 5.ledd
  • utvida rett grunna t.d. sjukdom
  • kurs over to år

Hugs å legge ved dokumentasjon.

Søknadskjema utvida rett

Vedleggsskjema 1. februar

Vedlegg til søknad om inntak 1. februar

Bli lærebedrift

Ei lærebedrift er ei bedrift som er godkjend for å teikne kontrakt med lærlingar og lærekandidatar. Som lærebedrift er de med å sikre rekrutteringa av fagarbeidarar i Vestland fylke.

Det er ingen søknadsfrist for å bli lærebedrift.

Les meir og send søknad

Endring i lærekontrakten

Skjema for endringar i lærkontrakten

Endring i bedrifta

Skjema for melding om endringar i bedrifta

Fullføringsmidlar

Vi lyser ut midlar som skal gi lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov og/eller med svake norskferdigheiter og kort butid i Noreg mogelegheit til å oppnå ei fagutdanning.

Les meir og finn søknadskjema

Halvårsvurdering av lærling

Eleven/lærlingen/praksisbrevkandidaten/lærekandidaten har rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om utviklinga si i forhold til kompetansemåla minst éin gong kvart halvår.

Skjema for halvårsvurdering

Heving av lærekontrakt

Skjema for å heve lærekontrakten

Intern plan for opplæring

Skjema for intern plan for opplæring.

Du kan lese meir om korleis ein lagar ein slik plan på nettsida vår Gjennomføring av opplæring i bedriftPå denne sida finn du også fleire skjema for lærebedrifter.

Oppmelding til fagprøve for praksiskandidater

Praksiskandidatar skal sjølve melde seg opp til fag-/sveineprøve.

Du finn oppmeldingskjema og meir informasjon om korleis du kan ta fagbrev som praksiskandidat på nettsida vår Meld deg opp til fag-/sveineprøve

Samtykkeskjema lærling

Lærlingen/lærekandidaten må samtykke til at det blir søkt om gjennomføringsmidlar for vedkommande. Skjema for samtykke

Tilrettelegging av fagprøven

For lærling og elev: Saman med søknad om tilrettelegging må du legge ved ei sakkunnig vurdering som er skrive etter at du starta på vidaregåande. Vurderinga må seie kva type tilrettelegging du har behov for.

For praksiskandidatar: Når du melder deg opp til fag- og sveineprøve vil du i skjemaet få mogelegheit til å krysse av for om du treng særskilt tilrettelegging og leggje ved nødvendig dokumentasjon (som t.d. uttale frå ein sakkunnig person, til dømes lege eller psykolog, frå PPT eller logoped)

På nettsida vår om fagprøven finn du meir informasjon om dette og søknadskjemaet

Utrekning av praksis

Dersom du har erfaring frå eit yrke, men er ufaglært kan du ta fag-/sveinebrev som praksiskandidat. Eit av krava er at du kan dokumentere at du har ca. 5 år med allsidig erfaring frå yrket.

Meir om dette og skjemaet for å rekne ut  praksis finn du på nettsida vår Fagbrev som praksiskandidat.

Ettersending av dokumentasjon

Skjema for å ettersende manglande dokumentasjon.

Prioriteringsskjema for inntak til kombinasjonsklasser/VG1

Dei som har søkt både kombinasjonsklasse og ordinær vg1/innføringsklasse må gi oss ei melding om kva dei prioriterer. 

Frist for å svare er seinast 25. mars.

Fyll ut prioriteringsskjema

Søke kombinasjonsklasse

Vi tilbyr grunnskuleopplæring gjennom kombinasjonsklasse. Kombinasjonsklassane skal førebu og kvalifisere elevane til å starte i vg1.

Dette er eit frivillig tilbod som kommunar i Vestland, som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen, kan la aktuelle deltakarar søkje på.

Kommunar som har samarbeidsavtale med fylkeskommunen kan søkje inn elevar på dette tilbodet.

Søknadskjema 

Vedleggsskjema 1. februar

Alle som søkjer inntak som minoritetsspråkleg må også sende inn vedleggsskjema. Dette gjeld ikkje søkjarar til kombinasjonsklasse.

Vedlegg til søknad om inntak 1. februar

Vurderingsskjema

Vurderingsskjema for minoritetsspråklege 

Avklaringssamtale

Når ein elev står i fare for å avbryte vidaregåande opplæring, må skulen eller bedrifta ta kontakt med oppfølgingstenesta for å gjennomføre ein avklaringssamtale. 

Du finn malen for avklaringsskjema på nettsida vår om oppfølgingstenesta.

Søknad til Digitalt læringssenter

Dette er eit tilbod til elevar, lærlingar, permitterte, arbeidsledige, arbeidstakarar og ungdom utanfor arbeid/opplæring. Du kan få tilbod om undervisning i mattematikk og engelsk.

Du kan lese meir om tilbodet i søknadskjemaet

Tilvising til PPT og Samtykkeskjema

PPT (Pedagogisk-psykologisk teneste) er ein del av rettleiingstenesta og gir råd til skule og lærebedrift om korleis opplæringa kan leggast til rette, slik at du som elev får ei god opplæring. 

Les meir om dette og finn skjemaa.

Tilvising-systemsaker

Les meir om dette på nettsida vår om pedagogisk-psykologisk teneste og finn skjemaet.

Klage på karakter for elevar

Om du er elev i vidaregåande skule kan du klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd.

Les meir om dette og send klage.

Lånekontrakt for elevar i vidaregåande opplæring

Alle elevar som skal låne lærebøker og anna materiale på skulane i Vestland, må signere elektronisk lånekontrakt.

Lånekontrakt

Tilrettelegging av kroppsøving

Ved skade eller sjukdom vil faglærar i kroppsøving kunne leggje til rette for alternativ og tilpassa opplæring eller aktivitet.

Les meir og finn skjemaet du kan ta med til legen