Meld deg opp til fag-/sveineprøve

Praksiskandidatar skal melde seg opp til fag-/sveineprøve sjølve. Dersom du er lærling i ei bedrift er det lærebedrifta di som har ansvar for å melde deg opp til fagprøve.

Du skal melde deg opp til fagprøven i det fylket der du har den folkeregistrerte adressa di. Om bedrifta du arbeider i ligg i Vestland, men du bur eit anna fylke, skal du melde deg opp i fylket der du bur.

Les meir om praksiskandidatordninga

På Utdanningsdirektoratet si nettside finn du meir informasjon om ordninga.

Lurer du på om du har nok praksis?

Skjemaet under er meint å vere til hjelp for deg og er ikkje ein stadfesting på praksistida di. Når du har sendt inn ein oppmelding til fylket skal det behandlast før du får eit endeleg svar på om du har tilstrekkeleg praksis i faget.

Skjema for utrekning praksis (pdf)

Saksbehandlingstid

For tida må du rekne med at sakshandsamingstida er på minst 6 månader.

Prisar i 2024:

  • For førstegongsprøve er prisen 1112 kr.
  • For andregongsprøve er prisen 2230 kr.

Du betaler prøveavgifta med kort i oppmeldingsskjemaet.

Prøveavgifta dekker ikkje utgifter til prøvestaden. Praksiskandidatar må sjølv organisere prøvestad og betale for den.

Kontroller at du melder deg opp i rett fylkeskommune. Du skal melde deg opp i den fylkeskommunen du har folkeregistrert adresse.

Dersom du tidlegare har tatt fagprøven som lærling, men ikkje bestått og no skal ta fagprøven som praksiskandidat for første gong, er prisen 1112 kr.

Dokumentasjon på praksis

Attestar skal vise kor lang praksis du har og at kunnskap og praksis er i samsvar med kompetansemåla som står i læreplanen.

Her finn du ein attest som arbeidsgivarar kan bruke dersom dei ikkje har eiga mal. Det er viktig at ein attest innehald namn, fødselsdato, startdato for tilsetjingstilhøve, sluttdato eller informasjon om at kandidaten framleis er tilsett, arbeidstittel og detaljert beskriving av arbeidsoppgåver. Ein attest må underskrivast, daterast og stemplast med bedriftstempel.

Forslag til arbeidsattest (.pdf)

Finn aktuell læreplan med kompetansemål hos Utdanningsdirektoratet

Les meir om dokumentasjonskrav ved oppmelding til fag- eller sveineprøve på Utdanningsdirektoratet si nettside.

Driv du eige firma?

Dersom du driv eige firma kan du ikkje bruke denne attesten. Du må i staden legge fram attest frå rekneskapsbyrå, oppdragsgivarar eller attest frå Skatt Vest som viser omfanget av aktiviteten i firmaet dei siste 5 åra.

Bakgrunnen for dette er Udir sine retningslinjer om at praksis som sjølvstendig næringsdrivande berre kan godkjennast dersom tenestene kan dokumenterast av andre med fagleg kompetanse. Det er også krav om registrering i Brønnøysundregisteret og momsregistret som viser reell næringsverksemd.

Er du lærar eller ingeniør?

Praksis som lærar, ingeniør, formann, arbeidsleiar o.l. godkjennast vanlegvis ikkje, med mindre arbeidet har vore utført i eit arbeidsfellesskap. Bakgrunnen for dette er Udir sine retningslinjer kor arbeidspraksis skal opparbeidast ved å delta i eit arbeidsfellesskap med andre.

Søknad om tilrettelegging

Dersom du har behov for det må du legge ved søknad om tilrettelegging og sakkunnig uttale av nyare dato. 

Kopi av gyldig førarkort i yrkessjåførfaget

Kandidatar som skal melde seg opp til fagprøve i yrkessjåførfaget må legge ved kopi av framside og bakside av gyldig førarkort.

Har du behov for særleg tilrettelegging må du legge ved søknad og sakkunnig uttale av nyare dato. 

Les meir i Forskrift til opplæringslova § 3-58

Søknad om særskild tilrettelegging av fagprøve (.pdf)

Vestland fylkeskommune har følgjande rutinar ved oppmelding til fag-/sveineprøve for utanlandske praksiskandidatar, utan folkeregistrert adresse i Noreg:  

  • For å ta fagbrev som praksiskandidat med adresse utanfor Noreg treng Vestland Fylkeskommune ein skriftleg stadfesting frå arbeidsgjevar på tilsetjing, og at den fysiske arbeidsstaden er i Vestland Fylkeskommune. I stadfestinga/arbeidsattesten skal organisasjonsnummeret til bedrifta stå, aktuell kontaktperson og praksiskandidatens tilsetjingsforhold (fast stilling, engasjement eller vikar).
  • Praksiskandidaten må  betale eigen avgift for utanlandske statsborgarar før oppmeldinga vert godkjend. Avgifta for utanlandske statsborgare er på 12.000, og prøveavgift er kr. 1.100 for oppmelding til fag-/sveineprøve. Ein betalar elektronisk ved oppmelding til prøva. I nokre fag må fag-/sveineprøve haldast på prøvestasjon, i desse tilfella tilkjem ytterlegare kostnader.
  • I søknaden må kandidaten enten skriva ei co-adresse eller kunne nytta adressa til arbeidsgjevar. Dette er viktig då Vestland Fylkeskommune ikkje sender post til utlandet. Etter fagprøven sender vi blant anna ut brev om resultat, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.

Det gjeld same krav til alle praksiskandidatar, om dokumentert arbeidserfaring og bestått teorieksamen i lærefaget (VG3-nivå). Hugs å laste opp all relevant dokumentasjon!