Fylkestingsvalet 2023

Ved fylkestingsvalet måndag 11. september 2023 vart 65 kandidatar valt inn i det nye fylkestinget i Vestland. Her finn du oversikt over mandatfordeling, partifordeling og møtebøkene med alle resultat etter fylkestingsvalet.

Mandatfordeling og oppslutninga til partia ved fylkestingsvalet 2023

Det nye fylkestinget vart konstituert 17. oktober.

Held fram samarbeid

Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, KrF, Venstre og MDG er einige om ein politisk samarbeidsavtale for 2023–2027.

Jon Askeland held fram som fylkersordførar

Her kan du sjå pressekonferansen der samarbeidspartia presenterte avtalen dei har kome fram til i opptak. Pressekonferansen var i Vestlandshuset 13. september kl. 14.30.

65 representantar

I det nye Vestland fylkesting er det 65 representantar. Valresultatet viser dette:

  • Høgre er største parti med 22,8 prosent og får 15 mandat. Dette er ein auke på 4,8 prosentpoeng.
  • Arbeidarpartiet blir det nest største partiet med 17,8 prosent av stemmene og 12 mandat. Det utgjer ein tilbakegang på 2,6 prosentpoeng.
  • Fremskrittspartiet er tredje størst med 12,6 prosent og får 9 mandat. Dei går fram med 4,1 prosentpoeng.
  • Senterpartiet er på 4. plass med 11,0 prosent og 7 mandat. Dette er ein tilbakegang på 4,8 prosentpoeng.
  • SV - Sosialistisk Venstreparti på 5. plass får 7,8 prosent, går fram 1,5 prosentpoeng og får 5 mandat.
  • Industri- og næringspartiet er ny i fylkestinget, får 6,1 prosent og 4 mandat.
  • Kristeleg Folkeparti får 4,9 prosent og 3 mandat. Det er same resultat som sist.
  • Venstre får 4,2 prosent, 3 mandat og går fram 0,7 prosentpoeng
  • Miljøpartiet Dei Grøne får 3,9 prosent, får 3 mandat og går tilbake 3,2 prosentpoeng.
  • Raudt får 3,2 prosent, 2 mandat og går tilbake 0,2 prosentpoeng
  • Bergenslisten får 1,6 prosent, 1 mandat og går fram 1,6 prosentpoeng
  • Pensjonistpartiet får 1,4 prosent, 1 mandat og går fram 0,3 prosentpoeng.

Dei andre seks partia, som stilte til val, får ikkje mandat. Det gjeld Konservativt 0,9 prosent, Folkets Parti 0,4 prosent, Norgesdemokratene 0,4 prosent, Folkestyrelisten 0,3 prosent, Partiet Sentrum 0,3 prosent og Liberalistene 0,2 prosent.

Vestland har høgast valdeltaking

Valdeltakinga i Vestland var på 60,9 prosent. Gjennomsnittet ved fylkestingsvalet for heile landet var 57,5 prosent.

Nest beste fylke er Rogaland med 60,5 prosent og Trøndelag på 3. plass med 59,6 prosent. Lågast valdeltaking av fylka har Nordland med 53,2 prosent.

Samanlikner vi valdeltakinga i Vestland med valet i 2019, har valdeltakinga gått noko ned. Den var 63,7 prosent i 2019. Gjennomsnittet for heile landet var 60,5 prosent. I 2019 hadde Vestland også størst valdeltaking ved fylkestingsvalet i landet.

Protokollar frå fylkesvalstyret

Protokollen, del 1, møtebok til fylkesvalstyret over fylkestingsvalet i Vestland 2023 (pdf)

Protokollen, del 2, til fylkesvalstyret over fylkestingsvalet i Vestland 2023 (pdf)

Oversikt over alle 18 parti med kandidatar som stilte liste til fylkestingsvalet i Vestland 2023 (pdf)