Det nye fylkestinget er konstituert: Askeland klar for fire nye år

Ny fylkesvaraordførar, 36 nye representantar, 4 nye hovudutvalsleiarar, 2 nye parti, og ein gruppeleiar som søkte fritak på dag ein og vende snuten mot Stortinget.

Foto av Jon Askeland og Stian Davies, begge i mørk dress og med kvar sin blomsterbukett i hendene.
ATTVALT OG NYVALT: Jon Askeland held fram som fylkesordførar, medan Stian Davies er ny i vervet som fylkesvaraordførar. (Foto: Hilde Joranger Mæland/Vestland fylkeskommune)

Det var første dag av det konstituerande møtet i fylkestinget kort oppsummert i tal og aktuelle nyheiter. Medan mange var nye, i både verv og fylkestinget generelt, beheld Jon Askeland fylkesordførarkjeda og -klubba i fire år til.

– Takk for tilliten. Eg skal gjere mitt beste og inviterer til samarbeid i heile fylkestinget dei neste fire åra, seier Askeland.

Dei 65 fylkestingsrepresentantane er samla til konstituerande møtet i fylkestinget i Vestlandssalen i Vestlandshuset 17. og 18. oktober.

Oversiktsbilde som syner fullsett vestlandssal.
Møtet 17. og 18. oktober er det første konstituerande fylkestingsmøtet som blir halde i Vestlandssalen i Vestlandshuset, som opna i februar i år. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Frykt ikkje talarstolen

Men kva betyr eigentleg konstituering? Fylkesordføraren hadde sjekka ordboka og fortalde at det betyr å tre saman, halde det grunnleggjande møtet og velje styre. Askeland gjekk også gjennom ein del formalitetar og praktiske ting.

– Og så vil eg seie til alle: Frykt ikkje talarstolen og frykt ikkje klubba. Ta ordet, kom med framlegg. Politikk er pragmatisme, å foredle framlegg og forbetre dei. Og vi vil alle vinne og tape saker desse fire åra. Då må vi riste det av oss og gå vidare, slo Askeland fast før saksbehandlinga tok til.

Kulturverksemda ZingZang fekk æra av å opna møtet i fylkestinget. Unge utøvarar opptredde med song, dans og teater. Dei hausta stor applaus frå ein fullsett Vestlandssal og fekk blomster frå fylkesordføraren.

Born og ungdomar som opptrer i Vestlandssalen.
Ungane og ungdomane i ZingZang opptredde i Vestlandssalen før saksbehandlinga tok til. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Ny fylkesvaraordførar

Det vart altså ingen overrekking av fylkesordførarkjede i dette møtet. Men det skulle veljast ny fylkesvaraordførar. Samarbeidspartia Arbeiderpartiet, Senterpartiet, SV, KrF, Venstre og MDG fremja forslag om Stian Davies som fylkesvaraordførar, eit forslag som fekk fleirtal.

– Dette er stas, og no startar jobben! No skal vi jobbe for å skape eit grønare og meir rettferdig Vestland for alle. Eg ser fram til samarbeid med folk, kommunar og næringsliv for å løfte heile fylket vårt, seier Davies.

ungdom som opptrer under møte i fylkestinget, politikarar i bakgrunnen
Nyvald fylkesvaraordførar Stian Davies (midt i bildet) saman med delar av Arbeidarparti-gruppa under kulturinnslaget ved starten av fylkestinget. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Davies har dei siste fire åra vore leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Nytt fylkesutval

Ein del av formalitetane på eit konstituerande fylkesting er å velje medlemmar til både fylkesutvalet og dei fire hovudutvala. Fylkesutvalet er det nest øvste organet i fylkeskommunen og arbeidsutvalet til fylkestinget. Desse vart valde som medlemmar i fylkesutvalet i perioden 2023–2027:

  • Jon Askeland (Sp)
  • Stian Davies (Ap)
  • Kine Dale (Ap)
  • Karianne Torvanger (Ap)
  • Aleksander Øren Heen (Sp). Sigrid Brattabø Handegard (Sp) er vara og stiller for Heen som har fått fritak.  
  • Marthe Hammer (Sv)
  • Trude Brosvik (KrF)
  • Nils-Anders Nøttseter (MDG)
  • Åsta Årøen (V)
  • Silja Ekeland Bjørkly (H)
  • Noralv Distad (H)
  • Kåre Martin Kleppe (H)
  • Tora Kildehaug (H)
  • Silvia Haugland (H)
  • Terje Søviknes (FrP)
  • Sigbjørn Framnes (FrP)
  • Bjarte Helland (INP)

Fylkesordføraren leiar fylkesutvalet, som har møte kvar månad.

Nye hovudutval med leiarar

Fylkestinget valde også nye medlemmar til alle dei fire hovudutvala i fylkeskommunen og ikkje minst nye leiarar for alle utvala. Blant dei fire nye leiarane finn vi to erfarne fylkespolitikarar, og to som er heilt nye i fylkespolitikken.

Arve Helle (Ap) blir ny leiar for hovudutval for samferdsel og mobilitet, utvalet han var medlem av i førre periode. Åsmund Berthelsen (SV) rykkjer opp frå nestleiar til leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse. Jacob Nødseth (V) er ny i fylkestinget og blir leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering, medan Oddmund Klakegg, også ny i fylkestinget, blir leiar for hovudutval for næring.

To menn i samtale med ei kvinne
Både Jacob Nødseth (t.v.) og Oddmund Klakegg er nye i fylkestinget og vart valde til leiarar for kvart sitt hovudutval. Klakegg rykka inn som fast representant då Aleksander Øren Heen søkte fritak. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Søkte fritak på dag ein

Aleksander Øren Heen, gruppeleiar for Sp, fekk måndag ein overraskande stortingsplass, då Erling Sande vart ny kommunal- og distriktsminister. Heen er vara for Sande i Stortinget og blir no fast representant så lenge Sande er statsråd. Han søkte difor fritak frå fylkestinget på første dag av det første møtet til det nye fylkestinget.

Jon Askeland overrekker blomsterbukett til Aleksander Øren Heen.
Aleksander Øren Heen (på talarstolen) var gruppeleiar for Senterpartiet, men søkte fritak frå fylkestinget under det konstituerande møtet. Han har nemleg fått fast plass på Stortinget etter å ha vore vara for Erling Sande, som denne veka vart utnemnd til statsråd. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Sigrid Brattabø Handegard blir gruppeleiar for Senterpartiet, og Oddmund Klakegg frå Jølster rykkjer inn i fylkestinget når Heen reiser vidare til Stortinget.

Opplæring for dei folkevalde

Heile 36 av dei 65 representantane i fylkestinget er nye etter valet no i haust. To av partia har heller ikkje vore representerte tidlegare. Det er Industri- og næringspartiet, som kom inn med fire representantar, og Bergenslisten, som har ein.

Store delar av møtet 17. og 18. oktober er sett av til opplæring av dei folkevalde. Det er opplæring i blant anna IKT-sikkerheit og etiske reglar. Fylkesdirektøren orienterte om forholdet mellom administrasjonen og det politiske nivået i fylkeskommunen, og juridisk sjef hadde ein gjennomgang av habilitetsreglane.

Fullsett vestlandssal under fylkestingsmøte.
Fylkesdirektør Rune Haugsdal orienterte om den politiske og administrative organiseringa av fylkeskommunen og om forholdet mellom politikk og administrasjon. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Held fram onsdag

Møtet i fylkestinget held fram onsdag 18. oktober, med folkevaldopplæring før lunsj. Då kjem statsforvaltar Liv Signe Navarsete for å orientere om regionalpolitikk i møte med statlege forventningar, og professor Yngve Flo skal snakke endring i det fylkespolitiske handlingsrommet.

Etter lunsj er det sett av tid til ein kort presentasjon av kvar av dei 65 fylkestingsrepresentantane, før dei avsluttar møtet med saksbehandling.

Du kan følgje heile møtet direkte i nett-tv, og lenka til sendinga onsdag 18. oktober blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen på morgonen same dag.

Sjå opptak av fylkestingsmøtet 17. oktober på denne lenka.