Du kan bruke pc eller nettbrett på dei fleste skriftlege eksamenar. Du må ha med deg den pc-en eller det nettbrettet du ønskjer å bruke. Det er ditt ansvar at du kan bruke utstyret du har med deg, at det verkar som det skal og har nødvendig programvare. Du må sjølv ta sikkerheitskopiar undervegs. Du kan ikkje rekne med å få hjelp til å løyse tekniske problem under eksamen.
Du kan ikkje bruke smarttelefonar, smartklokkar eller andre verktøy som tillèt kommunikasjon på eksamen.
Alt du skriv på pc eller nettbrett, skal du levere digitalt. Du kan levere delar av eksamenssvaret ditt digitalt og resten handskrive på papir. Når du leverer digitalt er det ditt ansvar at du lastar opp rett fil.
Kva du må kunne for å bruke pc eller nettbrett på eksamen
- Logge deg på trådlaust nett
- Bruke ein av desse nettlesarane:Chrome, Internet Explorer, Firefox, Safari eller Microsoft Edge Browser
- Bruke eit tekstbehandlingsprogram som for eksempel Microsoft Word eller Open Office
- Opprette eit dokument
- Merke alle sidene i dokumentet med kandidatnummer, fagkode og sidetal
- Bruke spesialprogram der det er aktuelt
- Lagre dokumentet i rett filformat
Kva må pc-en du skal bruke på eksamen ha
- Trådlaust nettverkskort
- Ein av desse nettlesarane: Chrome (versjon 56 eller nyare), Internet Explorer 10 og 11, Microsoft Edge Browser, Safari eller Firefox (50 eller nyare)
- Eit tekstbehandlingsprogram som til dømes Microsoft Word eller Open Office
- Alle program du treng på eksamen må vere lasta ned før du kjem i eksamenslokalet og må fungere utan internett-tilkobling
- Du må kunne lagre dokumentet lokalt på maskina di, du vil ikkje ha tilgang til skytenester som for eksempel OneDrive, Google Disk eller iCloud. NB! Vi frårår å bruke Chromebook på privatisteksamen! Om du har Chromebook vil du få problem med å gjennomføre nettbaserte eksamenar
- Straumkabel
Kva må nettbrettet du skal bruke til eksamen ha
- Eit av desse to operativsystema med nettlesar
- iOS versjon 11 eller nyare med Safari, Chrome eller Firefox
- Android versjon 6.0.1 eller nyare med Chrome eller Firefox
- Har nettbrettet ditt sim-kort, må du ta dette ut før eksamen
- Eit tekstbehandlingsprogram som til dømes Microsoft Word eller Open Office
- Alle program du treng på eksamen må vere lasta ned før du kjem i eksamenslokalet og må fungere utan internett-tilkobling
- Du må kunne lagre dokumentet lokalt på maskina di, du vil ikkje ha tilgang til skytenester som for eksempel OneDrive, Google Disk og iCloud
- Ladar og straumkabel
Lovlege filformat
Når du skal levere digitalt, kan filene dine ha desse formata:
avi, bmp, c, css, doc, docm, docx, dot, dotm, dotx, emf, flv, ggb, gif, h, hlp, htm, html, jpe, jpeg, jpg, js, mdb, mdi, mht, mm, mov, movie, mp3, mp4, mpeg, mpp, odb, odp, ods, odt, ott, pdf, png, ppsm, ppsx, ppt, pptm, pptx, qt, rap, rm, rtf, stw, svg, swf, sxc, sxw, tex, tif, tiff, tii, txt, vsd, wav, wks, wmf, wmv, wps, wri, xls, xlsb, xlsm, xlsx, xml, xps
Desse formata kan brukast til pakking av filer:
7z, gz, rar, tar, z, zip, zipx