Kurs om psykisk helse for faglege leiarar og instruktørar

Som fagleg leiar/instruktør er du ansvarleg for at lærlingen får god opplæring gjennom heile læretida. Psykisk helse er ein viktig faktor for å oppnå god læring.

Kurset er praksisnært og gir deltakarane ei innføring i kva psykisk helse er, korleis ein tideleg kan sjå teikn til utfordringar og korleis ein kan ta opp utfordringar kring psykisk helse.

Du vil mellom anna læra korleis du kan handtera vanskelege situasjonar og kven du kan kontakte.

Kurset er gratis og vil vere digitale. 

Kurset er på 9 timar fordelt på 3 dagar, a 3 timar.

Kursdag 1:  

  • Kva veit vi om psykisk helse og utfordringar blant ungdom 
  • Tryggheit 
  • Meistring 

Kursdag 2:

  • Kva er psykiske problem og kva er ein psykisk liding? 
  • Tidlege teikn 
  • Kva kan du som fagleg leiar/instruktør gjere?  

Kursdag 3:  

  • Verktøy i møte med ungdom som har psykiske utfordringar 
  • Kva åtferd skal ein tole i arbeidslivet 

Dersom du har spørsmål om kursa eller påmelding kan du ta kontakt med:

samira.chahoud@vlfk.no  

katrine.eltvik.nordvik@vlfk.no 

dagfinn.henjum.sveren@vlfk.no