Informasjonsdeling mellom tannhelsetenesta og barnevernstenesta - ein tidstrendstudie

Kunnskap om i kva grad tannhelsetenesta i Noreg sender bekymringsmelding til barnevernet, og i kva grad barnevernstenesta innhentar informasjon om barn under utgreiing frå tannhelsetenesta er avgrensa. Denne studien beskriv utvikling av tannhelsepersonell si informasjonsdeling med barnevernet og faktorar som påverkar denne utvekslinga over tid frå 2014 til 2019.

Studien har eit semilongitudinelt design og bygger på repeterte tverrsnittdata frå nasjonale undersøkingar i Den offentlege tannhelsetenesta i Noreg i 2014 og 2019.

Informasjonsdeling er her definert som i kva grad tannlegar og tannpleiarar utøver meldeplikta til- og mottar førespurnad frå barnevernet. I 2019 hadde 70% utøvd meldeplikta i løpet av sin karriære medan 59 % hadde motteke førespurnad frå barnevernet tre siste år. Desse tala var høvesvis 10% og 5 % høgare enn i undersøkinga 5 år tidlegare. Dette tydar på at tannhelsepersonell, over tid, er blitt meir erfarne utøvarar av meldeplikta og i aukande grad blir brukt som informantar av barnevernet. Sannsynet for å ha delteke i informasjonsutveksling med barnevernet auka med gode samarbeidsrutinar og tilfredsheit med barnevernet.

Gode rutinar for informasjonsutveksling over tid kan styrke og betre føresetnadane for samarbeid mellom tannhelse- og barnevernstenesta, samt auke tenestene si moglegheit til å hjelpe barn i risiko.

Du kan lese artikkelen her

Artikkelforfattarar: Anne Nordrehaug Åstrøm, Karin Goplerud Berge, Nancy Birungi og Ingfrid Vaksdal Brattabø.