Dreneringslinjer i Vestland fylke

Vestland fylkeskommune har delteke i eit prosjekt for å kartlegge og gjere tilgjengeleg dreneringslinjer. Prosjektet viser tydelege konsekvensar av god kartlegging av stikkrenner.

Bakgrunn

Dreneringslinjer vart valt som eit viktig tema frå Plan- og temadatautvalet (PTU) i haustmøte i 2020. Det hadde to hovudformål:

  1. Forbetring av felles kartdatabase (FKB-datasett)
  2. Temadatasett til bruk i kommunal planlegging og beredskapsarbeid

Kartverket Vestland etablerte arbeidsgruppe for dreneringslinjeprosjekt som involverer Vestland fylkeskommune, Statens vegvesen og Luster kommune. Hovudmålet med prosjektet er å

  • køyre dreneringslinjer til pilotkomunane og vassdragsområde
  • køyre og vidareutvikle produksjonsløype for heile Vestland fylke
  • gjere resultat tilgjengelege på fylket sine kartløysingar som Fylkesatlas og kommunane sine kartløsningar

Resultat og analyse

Første versjon av dreneringslinjer vil berre bruke eksisterande registrerte stikkrenner i heile Vestland fylke og andre versjon kjem opp etter at alle kommunane har registrert sine stikkrenner. Den første versjonen som viser dreneringslinjer for heile Vestland fylke vil vere tilgjengeleg på Fylkesatlas sumaren 2022.

Resultata nedanfor viser dreneringslinjer for pilot vassdragsområde i Vestland fylke. Pilot vassdragsområde er Hardangerfjorden øst: Sunde-Ænes som ligg i Sunnhordaland. Vasslinjene vist til venstre er frå FKB datasett som ikkje inkluderer stikkrenner. På høgre side er dreneringslinjer produsert av verktøya våre som inkluderer stikkrenner.

To kart med dreneringslinjer frå Hardangerfjorden øst, Sunde-Ænes i Sunnhordaland.
Karta til venstre viser vasslinjene utan at stikkrennene er inkludert i berekninga av dreneringslinjene. Karta til høgre viser tydeleg konsekvensen av å kjenne til stikkrennene i berekninga av dreneringslinjer.
Viser to kart med dreneringslinjer frå Askøya og Holsnøya i Nordhordaland.
Karta til venstre viser vasslinjene utan at stikkrennene er inkludert i berekninga av dreneringslinjene. Karta til høgre viser tydeleg konsekvensen av å kjenne til stikkrennene i berekninga av dreneringslinjer.


Figurforklaring: Karta til venstre viser vasslinjene utan at stikkrennene (markert i raudt) er inkludert i berekninga av dreneringslinjene. Karta til høgre viser tydeleg konsekvensen av å kjenne til stikkrennene i berekninga av dreneringslinjer. Foto: Vestland fylkeskommune

Tilsvarande er eit anna pilot vassdragsområde kalla Askøya og Holsnøya som ligg i Nordhordaland vist ovanfor. I dette vassdragsområde har vi funne ut at stikkrenner var nyttig for å ha komplette vasslinjer som flyter over heile vassdraget.

Karta viser at det er svært viktig med stikkrenner for å få fullstendige og riktige dreneringslinjer.