Høyring: Forskrift om hovudmål på vidaregåande skular i Vestland fylkeskommune

Det skal bli fastsett lokal forskrift om kva skriftspråk som er hovudmål på dei offentlege vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune. Forskrifta er no ute på høyring. Det er foreslått to alternativ, som ein ber om å få tilbakemeldingar på.

Det eine alternativet er nynorsk som felles hovudmål for alle skulane. Det andre alternativet er at hovudmålet følger språkvedtaket i kommunen der skulen er geografisk plassert, med bokmål som hovudmål for dei språknøytrale kommunane Bergen og Askøy.

Kvifor kjem denne forskrifta, og kva betyr ho?

Forskrifta har samanheng med krav i ny opplæringslov, som gjeld frå 1. august 2024, om at fylkeskommunane skal regulere kva hovudmålet er på dei ulike skulane. Hovudmålet skal brukast av tilsette i all skriftleg kommunikasjon med elevar og foreldre. Det skal også hovudsakleg brukast av tilsette i skriftleg presentasjon i undervisninga, og i faglege/skriftlege vurderingar. Sjå høyringsnotatet for meir informasjon.

Kven kan komme med innspel, og om kva?

Høyringa er open, og alle som ønsker kan komme med innspel. Elevar og tilsette/tilsette sine organisasjonar er særleg oppmoda til å gi innspel. Det er mogleg å gi innspel også på andre alternativ enn dei to som kjem fram av høyringsnotatet.

Vidare prosess

Forslag til endringar vil bli lagt fram for politisk behandling i fylkestinget i juni 2024. Som vedlegg er høyringsnotat m/forslag til forskrift om hovudmål. 

Frist for å gi høyringsinnspel er 5. april 2024. Høyringsfristen er absolutt.