Visuell profil for landslovjubileet

Den visuelle profilen til jubileet er ein viktig del av arrangementet som styrkar identiteten, kommuniserer verdiane og historien til jubileet, og bidrar til ein meir enhetleg og minneverdig oppleving for alle involverte. Difor er det viktig at alle som designar for prosjektet, følgjer dei same retningslinene.

Logo for landslovjubileet, midtstil i gull.

750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov skal markerast som eit nasjonalt jubileum i 2024.

Jubileet er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet, Høgskulen på Vestlandet, Bjørgvin bispedømme, Moster 2024, Bergen kommune, Statsforvaltaren i Vestland og Vestland fylkeskommune. Fylkeskommunen koordinerer jubileet.

 

Logo

Logo for landslovjubileet kan du laste ned frå nettsida til Nasjonalbiblioteket

Logoen til landslovjubileet er ein abstraksjon av det einaste kjende portrettet vi har av Magnus Lagabøte – ein steinskulptur som heng i Stavanger domkyrkje. Krona i logoen liknar ei oppslått bok, og viser slik til landslova.

Logoen finst i tre variantar – ein horisontal, ein vertikal  og ein rund variant – både i svart-kvitt og i fargar. Vel den varianten som passar best til designet.

Logovariantar til landslovjubileet.

Alle publikasjonar både til trykk og digitalt skal merkast med logo for landslovjubileet. Plasser logo på ein måte som gir god synlegheit og attkjenning.

Logo treng ikkje å vere med på alle sider av ein publikasjon, men den bør fortrinnsvis vere på forsida. På ein film/video/animasjon er det naturleg at logo er på slutten.

Hovudregelen er at avstanden frå logoen til ytterkanten av eit format svarar til minimum størrelsen på eit kongehovud. Denne avstanden fungerer også som tryggingssone rundt logoen.  Det vil seie at ein ikkje skal plassere andre element innanfor dette området.

Logo for landslovjubileet med visning av verneområde rundt.

For dei minste formata gir svart-kvitt-logo best lesbarheit. Logoen med «gullfarge» skal alltid stå på kvit eller svart bakgrunn. Bruk alltid den offisielle versjonen av logoen; ikkje endre proporsjonar eller fargar.

 

Ornament

Ornamentet er henta frå ei side i Codex Reenhielmianus, eit vakkert eksemplar av landslovboka. Boka er skrevet for hand og illuminert med flotte teikningar, som alle har si betydning. Illustrasjonen viser Kong Magnus og dronning Ingebjørg Eriksdatter. Boka er oppbevart ved Universitetsbiblioteket i Lund, og vert også kalla Codex Lund 15.

Ornamentet er eit ekstra grafisk element som brukast for tilknytning til og attkjenning av jubileumsarrangement i Vestland.

Utsnitt frå ei side i Codex Reenhielmianus. Foto/ill.: alvin-portal.org

Illustrasjon frå Mellomalderhandskrift 15, Universitetsbiblioteket i Lund. 

Bruk hovudlogo i horisontalt format saman med ornamentet. Logo må stå i toppen av sida/flata.

Ver forsiktig med å overbruke ornamentet, då det kan gjere designet rotete. Bruk det hovedsakleg som eit dekorativt element på nettsider, annonser og trykksaker. Unngå å bruke ornamentet i små storleikar der det mister detaljar.

Der det ikkje er plass til heile oranmentet kan ein kutte utsnittet i underkant. Ornamentet treng ikke å vere med på alle sider av ein publikasjon.

Ornamentet skal ha god avstand til andre grafiske element. Avstanden bør vere ein fjerdedel av ornamentet sin breidde. Unngå å bruke ornamentet i staden for logo.

Last ned filer med ornamentet i låg oppløysing (zip)

Last ned filer med ornamentet i høg oppløysing (zip)

Kreditering til ornamentet: Illustrasjon frå Mellomalderhandskrift 15, 
Universitetsbiblioteket i Lund.

 

Fargar

Fargepaletten består av ni fargar. Primærfargen er mørk raud (C=19 M=82 Y=89 K=8), og brukast til overskrifter og viktige element.

Bakgrunnen for nettsider, annonser og trykksaker bør vere i nøytrale fargar som gir kontrast til tekst og grafikk. I alle maler er det satt opp den lyse beige fargen som bakgrunn (C=6 M=6 Y=10 K=1).

Visning av dei forskjellige fargane i paletten til landslovsjubileet.

Fargekodar til profilfargane til landslovjubileet (pdf)

 

Skrifttypar

Profilen har to skrifttypar. Palatino Regular er lett å lese og er skrifttypen vi brukar til mengedetekst. Times New Roman kan brukast som erstatning for Palatino Regular der Palatino ikkje er tilgjengeleg.

Mengedtekst bør ikkje vere mindre enn 11 pt for at den skal vere god å lese.

Landslovjubileet har ikkje eigen nettside. På nettstader der jubileet vert presentert beheld vi fonten som er brukt på nettstaden.

 

Logo til arrangørar og samarbeidspartnarar

Logo til alle arrangørar og samarbeidspartnarar skal i hovudsak vere med på alle publikasjonar. Berre unntaksvis, som til dømes i sosiale media, skal desse ikkje vere med. Logoane skal plasserast i same rekkefølge som er satt opp i profilen og alle maler. Rekkefølgja eller avstand mellom desse logoane må ikkje endrast. Før logoane skal det stå i tekst:  "Jubileet i Vestland er et samarbeid mellom:".

Logosamanstillinga skal stå nederst på publikasjonen for å tydeleg vise avsendar. Dersom det ikkje er plass til logosamanstillinga bør namnet på samarbeidspartnarar skrivast inn som tekst: Landslovjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.

Logosamanstilling av logoane til samararbeidspartnarane.

Last ned filer med logosamanstillinga som inneheld filformata jpg, png og svg. Pakke med filer av logosamanstillinga (zip) 

 

Uttrekk av større logo, sponsor

Dersom jubileet har fått støtte frå ein ekstern part til eit arrangement må dette merkast. Logo til den eksterne parten må vere med og beskriving av rolla dei har i arrangementet, t.d «arrangementet er støtta av…». Denne merkinga må ha god avstand til logoane frå logosamanstillinga til samarbeidspartnarane i jubileet.

 

Krav til dei som får tilskot

Arrangement som har fått tilskot frå landslovjubileet må merke profilering av arrangementet med profilen til jubileet. Skriv gjerne også: Arrangementet er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet - Vestland fylkeskommune

 

Maler

InDesign-maler:
Roll-up (zip)
Invitasjon (zip)
Forside og bakside til rappport (zip)
Meny (zip)


Office-maler:
Brevmal (dotx)
PowerPoint-mal (potx)

Eksempel på bruk av den visuelle profilen (pdf)