Frivilligpris til eldsjel og kulturell byggmeister

Korps, karate, lyskunstfestival, musikkarrangement og barne- og ungdomsarbeid. Thomas Frøyen er kåra til vinnar av Frivilligprisen Vestland 2023 for den store frivillige innsatsen han legg ned i Solund-samfunnet.

Mann og to jenter i karateutstyr.
KARATE: Frøyen har vore ei svært viktig brikke i arbeidet med å byggje opp karateklubben i Solund, og døtrene Selina og Isabel er to av om lag 40 medlemmar i klubben. (Foto: privat)

Frøyen blir omtalt som entusiast, eldsjel og ein kulturell byggmeister.

– Dette er utruleg stas! Eg er så heldig at eg bur på ein plass der mange bidrar når det skjer noko, så eg deler gjerne prisen med dei som alltid hjelper til når eg finn på sprell, seier Thomas Frøyen med eit stort smil.

Frivilligprisen Vestland blei delt ut under kulturkonferansen i Leirvik på Stord 23. november. Gjennom prisen vil Vestland fylkeskommune heidre ein initiativrik person eller organisasjon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska i Vestland.

Overrekking av kunstverk på scene.
Frivilligprisen vart delt ut på kulturkonferansen på Stord 23. november. Hovudutvalsleiar Jacob Nødseth delte ut prisen til Thomas Frøyen. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Stolt og glad prisvinnar

– Det er utruleg viktig med eit rikt kulturliv for å trivast. Å bidra i lokalsamfunnet handlar om å skape arenaer ved sidan av skule og jobb der ein kan kjenne meistring i kvardagen. Eg er ein person som er velsigna med i overkant mykje energi, og det å bidra i frivilligheita gir meg berre meir energi, fortel Frøyen.

I grunngjevinga for Frivilligprisen er det lagt vekt på at Frøyen gjennom mange år har vore instruktør i skulemusikken i Solund, og at han har bygd opp karateklubben i bygda, som no samlar 40 medlemer i alle aldrar. Han er også primus motor for påske- og julejam og musikalsk ansvarleg under lyskunstfestivalen i Solund.

Mann og jente i korpsuniform og med kvar si tromme.
Thomas Frøyen er engasjert i både korps- og karatemiljøet i Solund og har i mange år vore instruktør i skulemusikken. Her er han saman med dottera Selina, som også spelar i skulemusikken. (Foto: privat)

Kunstverk og 50 000 kr

Jacob Nødseth, leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune, delte ut prisen under kulturkonferansen.

– Thomas Frøyen bidrar til at born og unge veks fordi dei får ansvar og opplever meistring. Han formidlar gode haldningar blant ungdomen og sørgjer for at tilflyttarar til bygda blir inkluderte – anten det er i karateklubben, i skulemusikken eller gjennom andre aktivitetar. Thomas er ein kulturell byggmeister som betyr mykje for Solund-samfunnet, seier Nødseth.

Som eit synleg bevis på kåringa, fekk Frøyen eit kunstverk og 50 000 kr til eit valfritt formål innan frivilligfeltet.

– Eg har ikkje landa på kva formål pengane skal gå til, men det er viktig for meg at flest mogleg får nytte av dei. Dei skal i alle fall komme bygda til gode, seier Frøyen.

– Eldsjel i lokalsamfunnet

Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund kommune, er svært fornøgd med kåringa av årets frivilligpris, og skildrar Thomas Frøyen som ei skikkeleg eldsjel.

– Det Thomas er engasjert i, vil andre vere med på! Saman med kona Gro og borna, er han både ein allsidig kulturutøvar og kulturberar, kreativ entreprenør, motivator og ei eldsjel i lokalsamfunnet, slår ordføraren fast. 

Frivilligprisen Vestland blir delt ut årleg av Vestland fylkeskommune. Ein jury frå frivilligheita kjem med innstilling til vinnar av prisen, basert på nominasjonar som er komne inn. I juryen for prisen deltar Vestland idrettskrets, Vestland musikkråd, Forum for natur og friluftsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane, Vestland innvandrerråd, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon Vestland, Vestland frivilligsentralar, Voksenopplæringsforbundet og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner.