Planlegg Frivilligåret og set søkjelys på rekruttering

Det nærmar seg Frivilligåret 2022. På frivilligkonferansen Vestland torsdag 21. oktober skal vi stake ut kursen for året, og sjå nærare på korleis vi kan styrke frivilligheita post pandemi.

illustrasjonsfoto frivilligheit
SAMARBEID: Vestland fylkeskommune samarbeider med Frivillighet Norge om å styrke det frivillige organisasjonslivet i fylket. (Illustrasjonsfoto: Frivillighet Norge)

Koronatida då veldig mykje stoppa opp og vart rett på pause, var utfordrande for frivillige organisasjonar.

– Den store jobben med å få fleire med i dei frivillige organisasjonane etter pandemien er i gang. Gjennom konferansen vil vi gje fleire verktøy i arbeidet. Vi håpar å inspirere mange til å ta del i Frivilligåret 2022, gjennom små og store markeringar, seier Stian Davies, leiar i hovudutvalet for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune.

Håpar på rekrutteringsbølge

Fleire med! er tittel for frivilligkonferansen som blir arrangert digitalt torsdag 21. oktober kl. 17–19. Det er Vestland fylkeskommune og Frivillighet Norge som arrangerer.

Konferansen er open for alle som vil delta, men hovudmålgruppa er frivillige, tillitsvalde og tilsette i regionale frivillige organisasjonar i Vestland.

– Vi håpar på ei rekrutteringsbølge gjennom landet i Frivilligåret 2022. Under pandemien har fleire kjent seg einsame, og sakna aktivitetar og å kunne jobbe for hjartesakene sine i lag med andre. Mange organisasjonar brettar no opp ermane og inviterer gamle og nye deltakarar og frivillige med i fellesskapa. Dei treng og fortener all den støtta og hjelpa som kommunane kan gje dei i rekrutteringsarbeidet framover, seier Stian Slotterøy Johnsen, generalsekretær i Frivillighet Norge.

Stor aktivitet i frivilligåret 2022

Under konferansen blir det presentasjonar av ein del av det som skal skje i Frivilligåret 2022, i tillegg til eksempel på korleis ulike organisasjonar vil bruke frivilligåret til å få med fleire og inkludere nye grupper. Det blir også presentasjonar av blant andre frivillig.no og ungfritid.no, som er gode verktøy i arbeidet med rekruttering.

Deltakarane i konferansen blir utfordra til å kome med innspel til korleis vi kan få med fleire i aktivitetane og frivillig arbeid.

– Eg ser fram til å høyre om kva som rører seg i organisasjonane for tida, og kva planar som er lagt for Frivilligåret 2022. Frivillig sektor i Vestland bidrar til deltaking, inkludering, betre folkehelse og utvikling av lokalsamfunna. Deltaking i frivillige organisasjonar er godt for folk, og vi vil gje fleire høve til å bli med. Derfor må vi vise fram og løfte frivilligheita i tida framover, seier Stian Davies.