Mange ekstrarøyster til Erna Solberg

Avtroppande statsminister Erna Solberg har fått mange ekstrarøyster ved stortingsvalet i Hordaland. Også andre toppkandidatar på partilistene har fått ekstrarøyster.

KONTROLLTELJING: I Strømgaten i Bergen blir alle røystene til stortingsvalet i Hordaland og Sogn og Fjordane kontrolltelt. Ingeborg Strandberg har ansvar for teljinga. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)
KONTROLLTELJING: I Strømgaten i Bergen blir alle røystene til stortingsvalet i Hordaland og Sogn og Fjordane kontrolltelt. Ingeborg Strandberg har ansvar for teljinga. (foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune)

Det er klart etter at kontrollteljinga av røystene blir gjennomført i desse dagane. I lokala til den tidlegare kunsthøgskulen i Bergen sentrum blir 368 037 røyster talt og kontrollert. Det er Vestland fylkeskommune som gjennomfører teljing av røystene for andre gang, etter at kommunane først har telt dei.

Populær

Ingeborg Strandberg, som har ansvar for oppteljinga, fortel at mange veljarar har sett eit ekstra kryss ved namnet til Erna Solberg og andre toppkandidatar i Hordaland.

– Ved stortingsval er det ikkje lov å setje ekstra kryss på kandidatane. Dei som har gjort det, har tenkt at dei vil gje honnør og gje ei ekstra røyst til kandidaten. Men dette er berre lov ved kommune- og fylkestingsval. Dessutan står toppkandidaten på 1. plass på lista og kan ikkje kome høgare opp.

Blir likevel godkjent

Strandberg understrekar at røystesedler med slike kryss blir godkjent og tel med i valresultatet. Dei blir altså ikkje forkasta. Strandberg seier at krysset har ingen innverknad på resultatet.

– Skal du gjere endring på ei liste til stortingsvalet, kan du endre rekkefølgja til kandidatane ved å nummerere dei. Det er og lov å stryke ein kandidat. Det er ved kommune- og fylkestingsvalet du kan kumulere og gje ei ekstra røyst til ein kandidat med å setje kryss ved namnet. Det kan du altså ikkje gjere ved stortingsvalet, men røysteseddelen blir likevel godkjent, seier Ingeborg Strandberg.

Mange manglar stempel

Men det er likevel ein del røyster som blir forkasta av andre grunner.

– Den mest vanlege grunnen er at røysta manglar stempel. Regelen er heilt klar. Ingen røyst utan stempel skal godkjennast. Vi veit den sannsynlege grunnen til at ei røyst manglar stempel. Den er at veljaren sannsynlegvis har brukt ei anna røyst som omslag for å skjule kva parti veljaren har røysta på. Både vi og andre har diskutert dette sidan førre val, men vi har fått ei positiv utvikling. Denne gongen har vi berre halvparten så mange røyster som manglar stempel. Vi trur det er flest eldre som bruker ei anna røyst som omslag. Tidlegare skulle vi nemleg ha omslag rundt røystene, og nokre held framleis fast på dette, seier Bertil Søfteland.

Gir tillit

Fylkesordførar Jon Askeland har vore innom teljesentralen i Bergen sentrum og er godt nøgd.

– Det er lett å merke at dette er godt organisert, så det gir tillit, som vanlig, seier Askeland.

Etter planen skal arbeidet med kontrollteljinga bli ferdig på fredag og tysdag 21. september skal fylkesvalstyret godkjenne valresultatet.