Fylkeseldrerådet fekk eksklusivt møte med politikarane

Det er ikkje kvar dag ein ansikt til ansikt kan fortelle dei folkevalgte kva som står sitt hjarte nærast. Det fikk fylkeseldrerådet på torsdag.

Personer sitter i hesteskoform i et konferanserom
GOD DIALOG: Det var god dialog mellom fylkeseldrerådet og dei folkevalgde. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Fylkeseldrerådet nytte tida si godt i møte med fylkesvaraordførar Natalia Golis og leiarar frå tre av dei fire av hovudutvala  i fylkestinget.  

Eldrerådet tok opp sakar som dei er opptekne av. Møte fann stad i forkant av fylkeseldrerådet torsdag, og leiar Harald Kåre Ekroll var godt nøgd med å ha blitt lytta til. Det var fylkeseldrerådet som tok initiativ til møtet. 

- Eg er svært nøgd med å få diskutere med politikarane, vi har aldri hatt eit slik møte før. Tidlegare har vi berre snakka med dei som er i administrasjonen. Det er viktig med kontakt frå begge sider, at politikarane får førstehandskunnskap og at vi kan gi direkte tilbakemeldingar på sakar som opptek oss, seier han.  

eldre mann
VIL HA MEIR: Harald Kåre Ekroll, leiar av fylkeseldrerådet, var så nøgd med å møte politikarane at han vil gjere det til ein fast ordning. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Opptekne av universell utforming 

Ekroll var så nøgd med møtet at han kunne tenke seg halvårlege - eller aller helst kvartalvise - møte med politikarane i Vestland. Av tema som dei eldre la på bordet i møtet var mellom anna utfordringar for dei som ikkje har smarttelefon, universell utforming og folkehelse.   

- Det er mange ting som vi vil ta opp, men vi er nøgd med det svara som vi fekk, og måten møte gjekk føre seg på. Dette må vi ha meir av, seier Ekroll.  

Totalt var dei sju medlem frå fylkeseldrerådet som fekk møte politikarane Natalia Golis, Jannnicke Bergesen Clarke, Karianne Torvanger og Tor André Ljosland.  

- Det var eit godt dialogmøte! Vi ønsker gode innspel for at dei planane vi lager skal bli gode for dei, seier fylkesvaraorførar Natalia Golis.  

Konkret og radikalt! 

Ho legg til at det var bra å få vite at alle saker er relevante for dei eldre, også saker som til dømes opplæring. Ho har ei klar oppfordring til dei eldre: 

- Det er viktig at  at dei vel sine prioriterte sakar og fokusområde, og melder i frå til oss, så skal vi sikre god varsling når desse sakane skal opp til politisk behandling. Det er viktig med god dialog, sier Golis.  

I møtet etterlyste ho konkrete forslag til kva politikarane kan gjere, og kom med ei oppfordring:   

- Vi skal lytte, men vi er avhengige av gode tilbakemeldingar frå dykk! Kom med konkrete, og gjerne radikale eksempel! 

Dette er fylkeseldrerådet 

Fylkeseldrerådet er eit medverkandsorgan, som skal ha ei rådgjevande rolle i den fylkeskommunale verksemda. Dei har rett til å uttale seg i saker som angår eldre. Rådet består av ni medlem og ni varamedlem, og har møte om lag ein gang i månaden.