Frå Åsane vgs til røyrleggar-NM

– Dette blir spennande, seier Sondre Helland (20) som skal representere Vestland i røyrleggar-NM på Lillestrøm 20. til 23. oktober. Han har fått utdanning ved Åsane vidaregåande skule.

KJEKK SKULE: – Åsane vgs. var ein kjekk skule med godt miljø og flinke lærarar, seier Sondre Helland som skal til NM. (foto: Rørentreprenørenes Opplæringskontor – Vest)
KJEKK SKULE: – Åsane vgs. var ein kjekk skule med godt miljø og flinke lærarar, seier Sondre Helland som skal til NM. (foto: Rørentreprenørenes Opplæringskontor – Vest)

Sondre gler seg til noregsmeisterskapen som skal foregå på messa «Bygg Reis Deg» der det er venta eit publikum på 40 000 personar.

– Det blir noko heilt nytt for meg å vise kva eg kan for mange tusen menneske, men eg føler meg klar. Å ta fagprøva blir ein del av meisterskapen. Det er det viktigaste for meg. Alt utover dette blir bonus, seier Sondre Helland.

Likar utfordringar og hjernetrim

Vg1 og vg2 gjekk han på Åsane vidaregåande skule.

– Det var ein kjekk skule med godt miljø og flinke lærarar. Eg lærte mykje der og fekk eit godt grunnlag for læretida. Eg valde å bli røyrleggar etter norkre sommarjobbar og etter at eg hadde høyrt meg rundt. Yrket gir mykje variasjon og forskjellig arbeidsoppgåver. Eg set pris på utfordringer og å få litt hjernetrim. Eg føler at alt ved yrket er slik eg forestilte det.

Etter fullført vg2 fekk Sondre læreplass hos røyrleggarfirmaet Chr. M. Vestrheim i Bergen. Der blir han skildra som ein lærling "i ein klasse for seg". Han utmerka seg som best i den lokale uttakskonkurransen for Vestland.

– Dette er ein gut som egentleg har tatt heile faget. Han gjer alt frå sanitær til tekniske ting, og er god på alt, seier opplæringsleiar Roar Hermansen i Chr. M. Vestrheim.

Bygde fiskeforskingsanlegg

– Vi har følgt han frå han gjekk vg2. Han har vore med oss på ein del aktivitetar og arrangement. Han tar lett til seg kunnskap og set seg grundig inn i alt han ønskjer å lære meir om, seier Jan Ole Vang i opplæringskontoret.

Sondre Helland har fått svært interessante arbeidsoppgåver i læretida.

– Det aller mest spennnade eg har deltatt på, var å bygge eit fiskeforskingsanlegg. Der møtte vi på plastikksveising og det å bygge eit teknisk rom med kjøling frå sjøvatn. Det var utruleg gøy. Eg trur ikkje det er så mange som er borti det, seier Sondre Helland.

Heve status til yrkesfaga

Røyrleggar-NM blir skipa til av dei 13 opplæringskontora til Rørentreprenørene Norge (RørNorge).

Dei utdannar 90 prosent av røyrleggarlærlingane i landet. Sidan midten av 90-talet har dei årleg skipa til NM i røyrleggarfaget. Målet er å vise fram røyrleggarfaget, heve statusen til yrkesfaga, samt å få fram dei gode historiene om ungdom som står på og følgjer vegen til å bli dyktige røyrleggarar.

NM pågår gjennom fire dager. Til slutt avgjer prøvenemnd og dommarar vinnarane.