15 millionar til innovasjon og næringsutvikling

Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar er blant dei som no kan søkje om delfinansiering til sine prosjekt. Søknadsfristen er 15. oktober.

Næringsområde
GRØNT SKIFTE: Utlysinga er særleg retta mot styrka sirkulærøkonomi og mot at næringslivet oppnår endå større omstilling i det grøne skiftet. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune.

- Fylkeskommunen ynskjer med dette å styrke verdiskapinga og skape fleire arbeidsplassar, samtidig som vi sikrar eit meir berekraftig samfunn. For å møte desse utfordringane vil vi delfinansiere utviklingsprosjekt, seier Tor André Ljosland, leiar i hovudutval for næring.

Populær ordning

Han legg til at dette er ei populær tilskotsordning, og at fylkeskommunen ventar mange spennande og gode søknadar. Grønt omstillingsarbeid som samtidig sikrar verdiskaping og sysselsetting i heile Vestland er grunnleggjande premiss i søknadsvurderinga.

- Ordninga er fylkespolitikarene sitt verktøy for å sette ut i livet og realisere dei overordna måla om berekraft. I berekraftsomgrepet er både dei miljømessige, økonomiske og sosiale dimensjonane vektlagt, seier Ljosland. Han presiserer at denne utlysinga er særleg retta mot ein styrka sirkulærøkonomi og mot at næringslivet oppnår endå større omstilling i det grøne skiftet.

Fire innsatsområde

Ordninga skal delfinansiere tilretteleggande utviklingsprosjekt. Det er mogleg å få støtte til prosjekt innan desse innsatsområda:

  • energi
  • sirkulære forretningsmodellar
  • grøn konkurransekraft
  • verdikjeder knytt til plast og berekraft

Hovudutval for næring vedtar

- Vi tek sikte på å at det blir vedtak av kva prosjekt som får støtte i møte i hovudutval for næring i desember, seier Ljosland.

I vurderinga av søknadane vil det først og fremst leggast vekt på i kva grad prosjekta har utløysande effekt for å nå måla. Vidare er søkjar si gjennomføringsevne og forankringa i næringslivet viktig. Eigeninnsats eller eigenfinansiering i prosjektet vil òg bli vurdert.

Meir informasjon om innsatsområda finn du på tilskotsida og i den politiske saken frå hovudutval for næring.