Vestland vil ha større råderett over fylkesvegnettet

Eit samla fylkesutval i Vestland fylkeskommune vil ha større handlefridom over fylkesvegnettet. Dette gjekk dei inn for i sitt svar til ei utgreiing om nasjonale krav og føringar for fylkesvegnettet.

RÅDERETT: Fylkeskommunen er eigar av fylkesvegnettet og vil ha råderett over tiltak. Biletet syner fylkeskommunen sitt skredsikringsprosjekt på fv. 53 i Årdal kommune.
RÅDERETT: Fylkeskommunen er eigar av fylkesvegnettet og vil ha råderett over tiltak. Biletet syner fylkeskommunen sitt skredsikringsprosjekt på fv. 53 i Årdal kommune.

Det er Vegdirektoratet si utgreiing om behov for nasjonale nasjonale føringar og krav for planlegging, utbygging, forvaltning, drift- og vedlikehald av riks- og fylkesvegnettet som no har vore på høyring.

Ber om auka handlefridom

– Fylkeskommunane må ha råderett over tiltak på fylkesvegnettet. Vi må sjølve kunne fastsetje standardar og løysingar på fylkesveg ut i frå lokale behov, i eit nært samarbeid med kommunane, seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland.

I møtet i fylkesutvalet i dag vart det òg vedteke at fylkeskommunen må ha mynde til å fastsette fartsgrensene i fylket.

Då vegadministrasjonen for fylkesvegane vart overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane i 2020, tok fylkeskommunane over ansvaret for både planlegging,
utbygging og drift av fylkesvegnettet. No skal det lagast nasjonale føringar som fastset kva krav sentrale styresmakter skal ha i høve fylkeskommunane som vegeigar.
Fylkesutvalet meiner auka handlefridom for fylkeskommunane bidreg til mellom anna betre tilpassing og ressursbruk. Vegdirektoratet har sett på ulike modellar for statleg styring.

Full økonomisk kompensasjon

– Meininga med regionreforma og overføring av vegadministrasjonen til fylkeskommunane var å styrke lokaldemokratiet og sjølvråderetten vår. Difor må fylkeskommunen sitt handlingsrom rundt eiga fylkesvegnett vektleggjast høgt i nasjonale føringar, seier Askeland. Han legg til at fleire av modellane som er foreslåtte, no går i mot dette.

Fylkesutvalet meiner større råderett til fylkeskommunane kan bidra til betre måloppnåing og meir veg for pengane i utbygging og drift av fylkesvegane.
Dei nemner mange felt i sitt høyringsfråsegn, og peikar mellom anna på at dei store økonomiske utfordringane Vestland får med ny tunnelforskrift ikkje er kompensert.

– Økonomiske konsekvensar for fylkeskommunen grunna endringar i nasjonale føringar må bli kompenserte fullt ut, seier Askeland.

Det er samferdselsdepartementet som i neste fase skal ta stilling til modellane og høyringsinnspela.