– Vestland skal bli best i landet

– Vi skal få fleire oppgåver, bygge Vestland saman og bli det beste fylket i landet. Dette er historisk, seier den første fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland.

– Køyr på folkens! Lat oss skape det beste fylket i landet, er oppmodinga frå fylkesordførar Jon Askeland.
– Køyr på folkens! Lat oss skape det beste fylket i landet, er oppmodinga frå fylkesordførar Jon Askeland.

Dei siste 12 åra har Askeland vore ordførar i Radøy, og dei siste fire åra var han i fylkespolitikken i Hordaland. Det er ein topp motivert og optimistisk fylkesordførar som no ved årsskiftet skal leie det nye fylket Vestland.

– Når vi no er eit nytt, stort fylke, må vi ha trua på oss sjølve. Det ivrar eg for. Alle vi som bur i vårt nye, flotte fylke, er dei same som før. Vi kan, og vi vil. Og vi får det til når vi gir kvarandre positiv energi og «gønnar» på. Køyr på folkens! Lat oss skape det beste fylket i landet. Det gjer vi berre ved å gyve på. Det er ingen god strategi å nøle i starten. Vi må kome fort ut. Det ligg mange mulegheiter i dei nye fylka. Det er dei som kjem først og raskast ut, som lukkast best.

Silotanke i Oslo 

Askeland vil kjempe for nye oppgåver til fylka, og han lanserer ein nye tanke for korleis det verkeleg kan bli fart på dette arbeidet .

– Det vi har sett med regionsreforma, er ein veldig silotanke i Oslo som vi må få gjort noko med. Dei er positive til å gje dei nye fylka nye oppgåver, i alle departement, berre ikkje i mitt. Med berre 11 fylke er tida moden for å gå laus på nokre av direktorata og overføre oppgåver til fylka. Det kunne ha vore ei god maktspreiing.

Som ordførar har Askeland sett at banda mellom direktorat og departement er for tette.

– Tilsette beveger seg mellom dei. Eine dagen er dei tilsett i departementet og andre dagen i direktoratet. Det gjer meg betenkt. Det hadde vore betre utnytting av ressursane ved å legge ned direktorat og overføre oppgåvene til fylka. Då vil fylka få nye oppgåver og styrka seg. Det hadde vore ei spennande øving.

Kraftsentrum i vest 

Fylkesordføraren vil skape eit kraftsentrum.

– Tankane mine er at saman med dei andre folkevalde og tilsette i Vestland, skal vi skape eit kraftsentrum i vest for å få ein best mogeleg start. Det er viktig for meg, fordi vi tilbyr viktige tenester for folk. Vi er valde gjennom val. Og eg har alltid sett mi ære i å aksle ansvaret om å vere folkevald. Det har likskapstrekk med å vere tillitsvald. Eg ser på rolla som folkevald som ein tillitsvald. Vi har eit tillitsverv på vegne av alle innbyggarane i fylket. Dei har vist oss tillit, men det er og eit leiarverv. Her er det fleire dimensjonar. Eg har alltid vore medvite på desse dimensjonane. Det betyr mykje for meg at eg skal gjere mitt beste i vervet.

Usemje viktig for demokratiet

Kva som er riktig politikk i eit demokrati, kan det vere mange meiningar om.

– Eg verdsett høgt den politiske usemjedebatten. Den bring oss framover. Men vi må og evne å lande debatten og fatte vedtak, slik at vi kjem oss vidare. Politikkens vesen er å forene det å debattere og vere handlekraftig. Vi må alltid skilje sak og person. Politisk usemje er ein ting, men vi må vise kvarandre respekt og skilje sak og person. Å oppføre seg «all right» i dei politiske fora, er viktige verdiar å pleie for oss i Norden. Den nordiske modellen er meir prega av respekt for kvarandre enn i andre politiske system. Vi vil vedlikehalde den modellen vi har i Norden. Dette er viktige kvalitetar å stå opp for i vårt politiske system.

Svak folketalsvekst

Jon Askeland er uroa over den svake folketalsveksten i det nye fylket.

– Utfordringane vi møter når Sogn og Fjordane og Hordaland står i same båt, er for svak folketalsvekst i heile Vestland fylke. Vi er alt inne i ein trend der fleirtalet av kommunen har eit folketal som går ned. Og veksten er berre i nokre få kommunar. Til og med Bergen har alt for svak folketalsvekst. Framskriving av prognose for folketalsutvikling viser at i 2040 vil 80 prosent av alle innbyggarane våre bu i berre 12 av kommunane i Vestland.

Snu negativ trend

– Dette gjer at vi har ei felles utfordring. Vi må bruke heile verktøykassa for å snu ei negativ utvikling og styrke distriktskommunane og fylket. Fylket er og avhengig av at Bergen forblir ein sterk hovudmotor. Derfor må veksten der og opp. Om vi ser folketalsutviklinga i Vestland opp mot det faktum at over 60 prosent av folketalsveksten i Noreg skjer i Oslo og Akershus, så er oppdraget enkelt: Vi må stå saman, få meir til oss og gjere Vestland sterkt. Det er jobben. Vi må mobilisere kreftene våre saman!

Engasjement for dei unge

Nøkkelen til framgang for Vestland trur Askeland ligg hos dei unge.

– Heile mitt politiske liv starta med engasjement for barn og ungdom. Det har berre forsterka seg. Dei unge i dag skal forme Vestland. Det er dei vi må stole på, både dei som tek yrkesfag, men og dei som tek universitet og høgskule. Dei skal helst gjere det i Vestland og ikkje lekke til Oslo. Erfaringa viser at det kjem færre heim att av dei som flytter for langt vekk på høgare utdanning, enn dei som tek utdanning her. Nokre må sjølvsagt få reise vekk og ta utdanning, men ambisjonen er å ha eit mest mogeleg attraktiv utdanningsmiljø i fylket.

Dette blir viktige oppgåver i det nye fylket.

– Utfordringane framover understrekar behovet for eit godt tilbod på vidaregåande opplæring, samferdsel for å bygge Vestland saman, satsing på rasførebygging, kollektivtrafikk og breiband. Vi må ha ei god verktøykasse på utvikling. Vi skal styrke rolla vår som samfunnsutviklar. Kultur, idrett og det frivillege er limet som bind oss saman. Det har ei kraft i seg sjølv, og kulturlivet er kan hende det som ligg nærmast til å gje oss nye oppgåver.

Bur på småbruk

I 12 samanhengande år har Jon Askeland vore ordførar i Radøy.

– Eg var ny og sklei rett inn i den rolla. Eg bur på eit småbruk, men er ikkje bonde. Sonen min driv småbruket, der eg er dreng. Eg tek ut fysiske adspredelser ved å hogge ved om vinteren. Eg har alltid hatt sansen for den verdimessige forvaltartankegangen som landbruket representerer. Eg har alltid likt å drive business. Eg har sansen for handel. Eg er litt kremmar. Rolla som samfunnsutviklar og seljar har alltid lagt for meg. Av natur er heller ein som leitar meir etter mulegheiter enn å dyrke dei tapte slaga. Eg har eigenskapen til fort å riste av med gårsdagen.

Ville ikkje bli bonde

Før politikken har Jon Askeland bakgrunn som regiondirektør i Felleskjøpet der han i 17 år hadde ulike leiarstillingar. Han er utdanna agronom og høgskulekandidat i landbruksøkonomi og organisasjonsteori.

– Men målet mitt var ikkje å bli bonde. Eg skal bu på småbruket på Radøy som sonen driv. Vi har og ein plass i Gloppen i Nordfjord der kona er frå. Der er vi mykje. Eg har sterkt tilknyting til heile Vestland. Eg har ikkje ein sommarferie utan å gå i fjella i Nordfjord. Der hentar eg mykje energi, seier den første fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland.