Nytt mellombels fylkeshus på Sandsli

Fylkeshuset i Bergen sentrum er historie. 600 tilsette har teke i bruk nytt mellombels fylkeshus på Sandsli. Formell overtaking skjedde 6. januar.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal mottok nøkkelen frå administrerande direktør Gro Boge i DNB næringseiendom.

– Eg er veldig nøgd med huset. Her har vi gode kontorfasilitetar til nytt fylkeshus står klart. Eg håpar alle tilsette vil finne seg til rette her. Og eg vil gje takk til Merete Mæland og Jostein Fjærestad for ein godt planlagt flytteprosess og for å ha lagt til rette her. No er det godt å kome i gang med Vestland fylkeskommune, seier Rune Haugsdal.

Symbolsk nøkkel

DNB Næringsiendom, som eig huset på Sandsli, overrekte ein symbolsk nøkkel til Haugsdal, for å markere starten på det tre år lange leigeforholdet.

– Vi er veldig glade for å ha leigt ut huset. Det vart bygt av Equinor i 1984. I 2011 kjøpte vi det. I 2016 kjøpte Equinor seg fri av kontrakten og flytta ut. I desember i fjor inngjekk vi leigeavtale over tre år med fylkeskommunen, med opsjon om vidare utleige om det skulle bli behov for det. Huset har god standard og kvalitetar, og blir teke i bruk utan store investeringar. Når fylkeskommunen flytter ut, ønskjer vi å leige det ut vidare til kontor, seier Terje Hjertås eigedomssjef i DNB Næringseiendom.

Nytt fylkeshus

Det nye fylkeshuset i Bergen sentrum skal byggast på same tomt som det gamle, få to tårn og stå ferdig rundt årsskiftet 2022/2023 i følgje planen.

Desse deltok under den formelle overtakinga av det mellombelse fylkeshuset på Sandsli: Jens Kristian Hansen (driftssjef i DNB, f.v.), Eivind Bengtson (prosjektsjef DNB), fylkesrådmann Rune Haugsdal, Gro Boge (adm. direktør DNB Næringseiendom), og eigedomsdirektør Jostein Fjærestad i Vestland fylkeskommune. 

Gro Boge, administrerande direktør i DNB Næringseiendom, som eig huset på Sandsli, overrekker nøkkelen til huset til fylkesrådmann Rune Haugsdal.
Gro Boge, administrerande direktør i DNB Næringseiendom, som eig huset på Sandsli, overrekker nøkkelen til huset til fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Det var folksamt i resepsjonen då 600 tilsette skulle få adgangskort til huset på Sandsli.