Ny vidaregåande skule i Førde

Bygginga av den nye vidaregåande skulen i Førde har fått prosjektnamn «Delta». Vestland fylkeskommune har innstilt Consto som totalentreprenør og vinnar av konkurransen om å byggje den nye skulen.

FRÅ SØR: Hovudinngangen til den nye vidaregåande skulen i Førde frå sør.
FRÅ SØR: Hovudinngangen til den nye vidaregåande skulen i Førde frå sør.

– Consto har den klart beste løysinga sett på bakgrunn av konkurransegrunnlaget, seier Josten Fjærestad, eigedomsdirektør i Vestland fylkeskommune. Han meiner vinnarbidraget «Delta» gir eit kompakt skulebygg med god flyt, og er ei framtidsretta løysing for ein samla vidaregåande skule i Førde. Consto hadde også lågast pris av tilbydarane.

Deltakarane i gruppa som vann pris- og designkonkurransen er Consto, LINK ARKITEKTUR, Sweco, VB, Skår VVS AS, Jatak, Fokus Elektro og R. Torgersen AS. 

Juryrapporten legg bl.a. vekt på at viktige fellesfunksjonar er samla i eit synleg og sentralt plassert «hjarte» i skulen. Alle basane ligg med kort avstand og likeverdig tilkomst til hjartet. Det gir anlegget ei tydeleg organisering med framifrå logistikk og svært god overordna flyt.

Slik vert den nye vidaregåande skulen i Førde

Nedanfor er det vist enkelte av illustrasjonane frå vinnarkonseptet til Consto og utklipp frå den skriftlege framstillinga, oversett til nynorsk. 

Hovudinngang mot sør

FRÅ SØR: Hovudinngangen til den nye vidaregåande skulen i Førde frå sør.
FRÅ SØR: Hovudinngangen til den nye vidaregåande skulen i Førde frå sør.

Eksisterande bygningsmasse har kvalitetar, og senteranlegget er utforma for å framheve og understreke disse. Base for studieførebuande vert knytta saman med dagens hovudbygning, med ein fasade som følgjer same retning før den bryt og åpnar opp mot ein uteplass mot vegen. Bygningskroppen er utforma med ein tilbaketrukken første etasje. Andre etasje vert avpassa med ein tredimensjonal fasade mot sør, noko som understrekar hovudtilkomst til senteranlegget. Skuletunet er ein open plass med urban karakter og markerer senteret sin hovudinngang.

Teknologibasen mot nord

Teknologibasen vert samansett av eksisterande bygg som vert utfylt med ein ny teknologihall. Teknologihallen ligg ut mot Verkstadgata, slik at disse verkstadane også får direkte tilkomst frå uteområdet. Mot nord får teknologihallen glassfasade i full høge mot utearealet. I motsatt ende vert spesialrom og tilhøyrande funksjonar plassert. Disse romma får glassfasadar og utsikt til atriet, og blir godt synlege og tilgjengeleg for heile skulen. 

Organisering av anlegget – basar og flyt

Senteret er sett saman av fire basar for fagområda kroppsøving, studieførebuande, helse og teknologi.

Anlegget er uforma i møte med eksisterande bygg og området sin eigenart, og resultatet er denne enkle, sterke grunnforma.

Senteranlegget er planlagt langs to hovudaksar; Skuleaksen går langs eksisterande kantinebygg/adm., med sin karaktersterke, skrå orientering. Idrettsaksen vert etablert i området si lengderetning, og bind senteranlegget saman med parkanlegget.

Disse fire basane har fått kvart sitt tydelege bygg, med ein distinkt eigenart og fleire flater til å vise fram sitt innhald. Basane vert knytt saman av Hjartet. Hovudaksane går ut derfrå, og ferdselsårene leiar naturleg rundt til alle fire basane.

Langs Skuleaksen ligg det eksisterande bygget som i dag rommar kantine. Kantina vert utvida og fasadane vert opna opp, både inn mot Hjartet og mot tunet utanfor. Administrasjonen er plassert lett tilgjengeleg i andre etasje.

Dei fire basane vil framstå med tydeleg særpreg, men organiseringa i deltaforma gir anlegget ein samlande heilskap.

Hjarte i skulen

Uansett kva akse ein følgjer inn i senteret, vert ein leia til skulen sitt Hjarte.

Basane ligg organisert rundt eit trekanta myldrerom for tilsette og elevar. Fleire sjølvstendige konstruksjonar fyller Hjartet med variert innhald.

Frå hovudinngangen har ein fri sikt heile vegen til gassgården i deltaspissen, og gjennom glasveggen til grøntarealet utanfor. Auditorieveggen sin jamne, trekledde kurve står i kontrast til kantinebygget sin solide teglfasade. Kantinerommet vert eksponert på ein tiltalande måte bak søylerekka i den åpne veggen. Amfitrappa klatrar fritt opp langs auditoriet og trekk merksemda mot det livlege sentrum i Hjarte. Ytterst i spissen ligg eit møblert vrimleareal, med aktivitetar som vert spegla i atriet bak glassveggen i bakgrunnen. Vidare kan ein løfte blikket vidare oppover i senteret sine to etasjar, og sjå himmelen gjennom det transparente taket.

Biblioteket strekker seg over to etasjar, og ei interntrapp gir godt samband mellom plana. Hovudrommet ligg i første etasje, sentralt plassert mellom auditoriet og østre atrium, i ein roleg del av Hjartet. Ved å la biblioteket strekke seg over to etasjar vert det tilgjengeleg for flest muleg elevar, samtidig som naturleg soneinndeling skapar attraktive rom.