LivOGLyst-prosjekt samla for å inspirere kvarandre

Til saman ti nye prosjekt har fått pengar frå LivOGLyst-programmet for 2020. Nyleg var prosjekta – både nye og gamle – samla i Modalen for å bli kjende med og lære av kvarandre.

foto frå nettverkssamling for LivOGLyst-prosjekt
ENGASJEMENT: Eitt av måla med nettverkssamlingane for LivOGLyst-prosjekta er å skape engasjement og å motivere, inspirere og lære av kvarandre. Arbeidspsykolog Jan-Martin Berge snakka til forsamlinga om mobilisering og samarbeid.

LivOGLyst-programmet oppstod i Hordaland i 2008, men vart i fjor utvida til heile Vestland – såleis kunne også prosjekt i Sogn og Fjordane søkje støtte for 2020. LivOGLyst er eit bygdeutviklingsprogram, og målet er å utvikle attraktive lokalsamfunn.

Det er mogleg å få pengar til både eittårige prosjekt og treårige prosjekt. For å få støtte til treårige prosjekt, må ein tidlegare ha gjennomført eitt eittårig prosjekt for å mobilisere i lokalsamfunnet.

Stort engasjement

Alle prosjekt i drift var inviterte til nettverkssamlinga i Modalen no i februar. Heile 13 prosjekt med til saman 40 deltakarar møtte.  Fylkeskommunen sin prosjektleiar Ingeborg Sofie Sætrervik hadde saman med Ragna Flotve frå Fylkesmannen og May Britt Otterlei frå Innovasjon Norge, planlagt programmet.

– Det var stort engasjement på samlinga. Stemninga var veldig god og positiv. Dette er ein arena for å møtast, byggje nettverk, motivere og engasjere kvarandre, og eg trur dei fleste reiste heim med både ekstra motivasjon og engasjement, fortel Kjersti Sognnes, som deltok frå fylkeskommunen.

Nedanfrå-og-opp er ei viktig grunnhaldning i LivOGLyst-programmet. Arbeidet skal vere forankra i lokalsamfunnet ved at prosjekta må vere eigde av lokale lag eller organisasjonar. Ein føresetnad for opptak i programmet er at kommunen stiller med ein kontaktperson og også bidreg økonomisk i dei treårige prosjekta.

Mykje å lære av kvarandre

LivOGLyst-samlinga blir arrangert ein gong i året – og særleg for nye prosjekt er det ein god møteplass for å få innsikt i kva dette går ut på. Årets samling vart arrangert i Modalen, med det tidlegare LivOGLyst-prosjektet iModalen som vertskap.

foto frå nettverkssamling for LivOGLyst-prosjekt

GJENBRUK: Ein gamal fjøs frå Vik i Sogn er flytta til Modalen og har fått nytt liv som forsamlingslokale – i regi av LivOGLyst-prosjektet iModalen.

Prosjektleiar Liv Anne Aanesen meiner samlingane er særleg nyttige for dei nye prosjekta, som no skal i gang med arbeidet sitt. Sjølv har ho fleire oppmodingar.

– Det er viktig å vere bevisst rolla si som koordinator, å sørgje for å halde oppe trøkket for å rekruttere folk heile vegen. Det er viktig å ikkje låse seg til ei tilnærming i starten, men vere open og vere på ulike arenaer. Ein kan ikkje berre arrangere eit folkemøte, og så tenkje at då har alle fått det med seg, og at det fungerer for alle målgrupper. Ein må oppsøke miljø meir aktivt og knyte til seg dei rette folka, gjerne dei med mange kontaktar, som har lett for å dra meg seg andre att, seier Aanesen.

Desse prosjekta fekk LivOGLyst-midlar for 2020

Eittårige prosjekt

  • LivOGLyst i Ytre Solund, Solund
  • Kunstbygda Vevring, Naustdal
  • LivOGLyst i Bøfjorden, Hyllestad
  • LivOGLyst utviklingsprosjekt – Hyllestad, Hyllestad
  • LivogLyst Måløy, Kinn
  • LivOGLyst i Bergsdalen, Vaksdal
  • Rubbestadneset mot 2030, Bømlo

Dei eittårige prosjekta får 50 000 kr.

Treårige prosjekt

  • Gode møtestader – Dåfjorden 2.0, Fitjar
  • LivOGLyst i Øystese, Kvam
  • LivOGLyst Stamnes, Vaksdal

Dei treårige prosjekta får 100 000 kvart år.