Ber om meir pengar til kulturbygg

Fylkesutvalet meiner det lokale kulturlivet blir taparen når Kulturdepartementet reduserer spelemiddelpotten til kulturbygg. No ber fylkespolitikarane kulturministeren ta grep.

KULTURBYGG: Både lokale og regionale kulturbygg kan søkje om støtte frå desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg, men det er flest av dei lokale bygga i søknadsbunken. Biletet syner ungdomshuset Dæmring i Kinn kommune i Nordfjord. (Foto: Ingunn Nyheim/Huset i bygda)
KULTURBYGG: Både lokale og regionale kulturbygg kan søkje om støtte frå desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg, men det er flest av dei lokale bygga i søknadsbunken. Biletet syner ungdomshuset Dæmring i Kinn kommune i Nordfjord. (Foto: Ingunn Nyheim/Huset i bygda)

Vestland fylkeskommune har i år fått inn 57 søknadar om tilskot til lokale og regionale kulturbygg med ein total søknadssum på 40,6 millionar kroner. Kulturdepartementet har løyvd i underkant av seks millionar kroner å fordele til søkjarane.

Prosjekt blir sette på vent

– Dette er alvorleg for kulturlivet i fylket vårt. Veldig mange prosjekt risikerer å bli sette på vent eller i verste fall å ikkje bli realiserte. Taparen er det lokal kulturlivet, som får dårlegare arenaer for innøving og utøving av teater, dans, kunst og musikk, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkesutvalet vedtok i møtet 18. juni fråsegna «Underfinansiering av kulturbygg gjennom spelemidlar». Fråsegna blir sendt til Kulturdepartementet og til medlemane i familie- og kulturkomiteen på Stortinget.

Fylkesutvalet ber Kulturdepartementet både om å prioritere meir friske midlar og å prioritere meir av spelemidlane til kulturbygg.

– Departementet må ta grep

Spelemidlane til kulturbygg på landsbasis har blitt redusert frå mellom 125 og 135 millionar kroner i åra før 2015 til mellom 47 og 56 millionar kroner dei siste åra. Årets sum er 55 millionar.

Grunnen til den store reduksjonen er todelt. Stortinget har endra nøkkelen for fordeling av spelemidlane slik at det vart mindre pengar til kulturføremål. Samstundes har regjeringa teke nye ordningar og tiltak inn i potten for kulturføremål, slik at midlane til kulturbygg har blitt endå meir reduserte.

– No er det på tide at departementet tek grep, og vi ber kulturminister Abid Q. Raja prioritere meir midlar til kulturbygg i åra framover. Mange av tiltaka som no blir finansiert gjennom spelemidlar burde vore finansierte over statsbudsjettet, framfor å ta midlar frå det lokale kulturlivet, seier fylkesordføraren.

Føresegn og meir info

Den endeleg vedtekne fråsegna kan du lese når møteboka for møtet i fylkesutvalet er klar.