Open prekvalifisering: Utlysing av kunstprosjekt til Langhaugen vidaregåande skule

Vestland fylkeskommune inviterer profesjonelle kunstnarar til å melde interesse for kunstprosjekt til Langhaugen vidaregåande skule i Bergen. Skulen skal utvidast og pussast opp. Søknadsfristen er 21. april 2024.

Skulen og byggeprosjektet

Utbygginga omfattar eit nytt undervisningsbygg for musikk, dans og realfag, uteareal og samband mellom nybygget og eksisterande bygg. Ein idrettshall vert etablert under bakkenivå, og taket på hallen skal fungere som utvida skuleplass for elevane. Ein annan viktig del av nybygget er konsertsalen på 250 kvadratmeter, som skal ha amfi og galleri, med høg kvalitet og søkjelys på akustikk. Nybygget gjev rom for at elevtalet kan aukast med om lag 90 elevplassar til totalt 720 elevar. Då vil Langhaugen ha opptil 270 elevar på musikk og dans, medan det blir 450 elevar på studiespesialisering.

Langhaugen vidaregåande skule har ein sterk og positiv identitet. Dette er ein skule med godt og inkluderande miljø og stor aktivitet. Kombinasjonen av studiespesialisering og musikk og dans gir skulen eit særpreg, og eit aktivt og livleg miljø utanom det vanlege.

Miljøet på skulen framstår som samla, tolerant og med ein avslappa atmosfære. Langhaugen er ein skule der det går an å vere seg sjølv, ein skule med rom for ulike personlegdomar, der ein kan byggje samhald og gode venskap.

Kunsten

Kunstutvalet tykkjer det vil vere flott om kunstprosjekta i nybygget klarer å spegle denne gleda og dette varme engasjementet, og støtte oppunder den sterke identiteten som finst blant elevane og lærarane ved Langhaugen vgs. Kunsten skal òg kunne appellere til dei mange lokale besøkande som vil komme til idrettshallen, konsertsalen og kulturaktivitetane.

Kunstutvalet ønskjer at kunsten skal harmonere med verdiane og "ånda" til skulen. At kunstnarane har interesse for identiteten til og miljøet på skulen, vil difor vere positivt. Materialbruk og uttrykk for kunsten bør òg kunne kommunisere godt med arkitekturen til nybygget. Utvalet ser positivt på kunst som ser framover og utover. Framtidsretting og -optimisme er noko elevane er opptatt av.

Vi definerer ingen særskild tematikk for kunsten, men håpar på prosjekt som kan vekke nysgjerrigheit hjå målgruppa og bidra til refleksjon, engasjement og open samtale.

Kunstprosjekta blir godt synlege i dei mest sentrale og mest besøkte delane av bygget, og i nærleiken av inngangsparti. Utvalet har definert tre delprosjekt. Kvart prosjekt vil ha ulike faktorar som er vesentlege. For det eine delprosjektet vil det vere viktig at kunstnar evnar å arbeide med lys på ein god måte. Eit anna prosjekt vil krevje at kunstnaren kan binde saman større flater over fleire plan, med eit gjennomført og samlande grep. I det tredje oppdraget opnar utvalet opp for eit meir temporært prosjekt med deltaking av elevane.

Kunstutvalet har som mål at kunsten på skulen skal vere av høg kvalitet, både når det gjeld utføring og kunstnarisk uttrykk. Det er naturleg å etterspørje at kunstnaren har søkjelys på berekraft, miljø og etikk, når det gjeld materialbruk, produksjon og transport.

Kunstutvalet inviterer dei valde kunstnarane til ein vidare prosess basert på innsende søknader. Det kan bli til honorerte skissekonkurransar eller direkte oppdrag.

Krav til søknaden

Profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar kan søke. Vi oppfordrar også kunstnarar utan tidlegare erfaring frå kunst i offentleg rom til å søke.

Søknaden skal innehalde

  • Kort tekst om grunngjeven interesse og motivasjon for oppdraget. Om du ønsker kan du her spesifisere kva oppdrag du er mest interessert i. Grunngjeven interesse/motivasjon for oppdraget leggast inn i ein tekstboks i skjemaet som har ei avgrensing på 750 teikn. Dersom teksten din er lenger enn dette, kan du legge dette inn i vedlegg. Vi ønskjer ikkje konkrete forslag i denne delen av prosessen og set pris på at du uttrykker deg kortfatta og presist.
  • Dokumentasjon av relevante tidlegare arbeid, og oppdatert CV (ev. inkl. kort bio). Opplysningar om kunstverka, som titlar, årstal, materiale og storleik, kan inkluderast i dokumentasjonen. Dette bør samlast i ei PDF-fil på maks 20 sider. Namngje dokumentet slik: etternamn_fornamn.pdf

Søknadsfrist

21. april 2024