Frivillig sektor i Vestland

Frivilligheita i Vestland er stor og mangfaldig. På denne nettsida har vi samla nokre ressursar som kan vere nyttige for frivillig sektor.

Foto som syner filthjarter som heng på ei snor i ein skog. Bak står det ei jente og smiler medan folk går forbi bak ho att.
Illustrasjonsfoto frå Trivselsskogen på Sandane: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune

Frivilligheita skapar aktivitetar og engasjement for menneske i alle aldrar innan kultur, idrett, friluftsliv, humanitært arbeid, ulike interessefelt og mange andre område. Svært mange deltek som frivillige i lokalsamfunna, under festivalar og små og store arrangement. 

Vestland fylkeskommune støttar opp om frivillig verksemd i fylket gjennom tilskot til drift av regionale organisasjonar, midlar til prosjekt og tiltak, møteplassar, dialog og kunnskapsbygging.

Kulturarenaer, anlegg for fysisk aktivitet, bibliotek og andre møteplassar for aktivitetar og formidling er viktige for å skape eit rikt kulturliv. Vi vil legge til rette for auka samspel mellom profesjonelle og frivillige og mellom kommunane og frivilligheita.