Støtte til deltaking på konferanse «Saman om lesekultur»

Vestland fylkeskommune lyser ut støtte til deltaking på konferansen «Saman om lesekultur. Ein konferanse for barnehage og bibliotek» 24.-25.april i Trondheim.

Vestland fylkeskommune satsar på formidling og lesing med dei yngste barna. Saman med Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) og Trøndelag fylkesbibliotek arrangerer vi ein nasjonal konferanse om lesing og litteraturformidling til dei yngste for bibliotektilsette og barnehagetilsette.

Dei som får støtte organiserer reise og påmelding til konferansen sjølve.

Bakgrunn

Konferansen spring ut av det landsdekkande prosjektet Formidlingskompetanse til folkebibliotek (FiF), der Vestland fylkeskommune koordinerer satsingsområdet «Leselyst med dei minste». I første fase av prosjektet vart det utvikla ein digital læringsressurs som er publisert på bibliotekutvikling.no. I andre fase ligg fokuset på å få folkebibliotek til å ta i bruk ressursen og vidareutvikle samarbeid i kommunen.

Stønadsbeløp

Opptil 8000 kr per person, maksimalt 16 000 per kommune.

Kva vert støtta

Støtta skal gå til reise, hotell og konferanseavgift for to personar, ein bibliotekar og ein barnehagetilsett frå same kommune. Dei som får støtte organiserer reise og påmelding til konferansen sjølve.

Kva vert ikkje støtta

Beløpet skal ikkje gå til frikjøp(vikar) og kost.

Tildeling av støtte til deltaking

Vestland fylkeskommune vurderer søknadar og tildelar støtte til deltaking etter ei heilskapleg, skjønsmessig vurdering.

Krav

  • Søknaden må vere for to personar frå same kommune, ein bibliotektilsett og ein barnehagetilsett. Dette er fordi konferansen skal fremje møte og samarbeid mellom profesjonane.
  • Budsjett for utgifter i samband med konferanse

Vurdering

Dette blir vektlagt når vi tildeler støtte:

  • Idear/planar for samarbeid mellom profesjonane framover om leselyst med dei minste.
  • At ein har høve til å dele kunnskap og erfaringar frå konferansen med andre i fylket på møte og liknande.
  • Fordeling mellom kommunane

Frist for å søke

Frist for å søke er 16.2.24

Rapportering og utbetaling

Dei som får søtte sender enkel oversikt over utgifter (rekneskap) etter konferansen. Ved godkjent rekneskap blir midlane betalt ut til den einskilde kommune (som ev. fordeler mellom einingar i kommunen/ institusjonar). Frist for å sende inn rekneskap er tre månadar etter konferansen.