Karriererettleiing: Drop in-dag på Vestlandshuset

Finn du ikkje ledig time i kalenderen vår, men har behov for ein prat med ein karriererettleiar om vegen din vidare? Då er du hjarteleg velkommen til å koma innom Karriere Vestland på Vestlandshuset i Bergen torsdag 23. mai i tidsrommet kl. 09.00-14.00.

Vi kan hjelpe deg med mellom anna:

  • Informasjon om utdanning og arbeid.
  • Tips til korleis ta bevisste val.
  • Tips til CV, søknad og intervju.
  • Anna. 

Du møter opp i Vestlandshuset og registrerer deg i resepsjonen, vi tek dykk inn fortløpande.

Maks 20 minutter per person.

Les meir om Karriere Vestland her.