Øygarden kommune, Blomvåg - Rambua

Dagsturhytta Rambua ligg på Rambogen i Blomvåg, med utsikt mot det ville, opne havet i vest. Kanskje ser du havørnen leike i vind og stupe i sjø?

Dagsturhytte nummer to på I Øygarden kommune, Rambua
Rambua i Øygarden. Foto Jan M. Lillebø

Tilkomst og parkering

Frå hovudvegen tek du av mot Blomvåg og følgjer vegen vidare til skilta parkering på Blomvåg Kyrkje. Det er parkering for turgåarar ved kyrkja, men vis omsyn og gjer plass til kyrkjegåarar, særskilt i kyrkjetida og ved høgtidar. Frå parkeringa er det ca. 3 min å gå til sti-start. Frå kyrkja går du tilbake til krysset, vidare rett fram via Garnesvegen til du ser skiltet mot Dagsturhytta, rett ved busstoppet. Ca. 100 meter inn på Stølemyrvegen ser du skiltet som visar sti-start på venstre side. 

Stien til hytta

Over ein liten bratt kneik kjem du inn i eit våtområde og etter 800 meter kjem du til eit sti-kryss. Her kan du velja å gå mot Planteskogen eller mot Rambogen. Du kan óg velje å gå vidare til planteskogen frå Rambogen og så tilbake til Stølemyrvegen i ei rundtur. Turstien mot Rambogen går i lett kupert terreng og er tilrettelagt med klopper og stein over dei våtaste partia.

Merk at det er dyr på beite heile året. I våtområdet er det eit rikt fugleliv, hugs å visa omsyn, spesielt under hekketida.

Avstandar

Stien til dagsturhytta er ca. 1,9 km lang og tar ca. 45 min. Rundturen til dagsturhytta via Planteskogen og tilbake til Stølemyrvegen er 4 km og tar ca. 1 time 30 minutt i roleg tempo.