Årleg rapportering for løyvehavarar
Vestland fylkeskommune har innført årlege rapporteringskrav for løyvehavarar i Vestland fylke. Informasjon om rapportering for 2023 vert sendt ut til alle løyvehavarar i mai 2024.
Kva blir rapporteringa brukt til?
Rapporteringa vil gi oss ein betre oversikt over drosjemarknaden i Vestland. Slik kan vi vurdere om det er naudsynt å setje i verk tiltak for å betre på eit utilfredsstillande transporttilbod.
Statistikk frå marknaden kan bli publisert på nettsidene våre, brukt til å svare ut spørsmål frå politisk hald, presse, andre offentlege etatar og liknande.
Du har plikt til å svare
Vestland fylkeskommune ber deg som løyvehavar om å rapportere informasjon om verksemda di til oss. Vi viser til at kvar løyvehavar har ei plikt til å svare på denne rapporteringsførespurnaden, jf. yrkestransportforskrifta § 21.
Vi leverer ikkje ut teiepliktige opplysningar utan samtykke.
Vi ber om at du rapporterer etterspurde opplysningar ved å nytte skjema på denne sida.