Opplæringstilbod for vaksne i Sogn og Fjordane

Vi tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne som fører fram til generell studiekompetanse eller yrkeskompetanse.

Nedanfor kan du finne opplæringstilbod for Sogn- og Fjordaneregionen.

Vaksne med rett til vidaregåande opplæring er prioriterte i inntaket, men vaksne utan rett kan òg få tilbod dersom det blir ledige plassar.

Oversikta nedanfor syner det planlagde tilbodet skuleåret 2020-2021 for vaksne som er busette i det tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Opplæringa startar hausten 2020, men vi tek atterhald om tal søkjarar for å setje i gong tilboda. Undervisningsstader for enkelte av faga, avheng òg av tal søkjarar.

Organiseringa av opplæringa varierer frå fag til fag. Det er noko redusert timetal i høve ordinært tilbod for ungdom, både i studiekompetansefaga og yrkesfaga, bortsett frå dei kombinerte tilboda.

Det er viktig at du får god rettleiing før du vel sluttkompetanse, og at du som vaksen òg veit noko om behovet som arbeidslivet har

Kontakt oss dersom du har spørsmål om vidaregåande opplæring for vaksne.

Fag du trenger for å ta generell studiekompetanse

Engelsk, norsk, historie, matematikk 1PY og 2 PY, naturfag, samfunnsfag

  • Ansvarleg skule: Hafstad vidaregåande skule
  • Undervisningsstad: Førde, Eid og Sogndal - avhengig av tal deltakarar
  • Organisering: Dag og ettermiddag –samlingsbasert eller nettbasert – avhengig av tal deltakarar og fag.

Faga på dagtid går 2 dagar/veka, faga på ettermiddag ca ein ettermiddagdag annakvar veke. Nettbaserte fag har ca 6 samlingar i løpet av året.

 

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget

  • Skule: Mo og Øyrane vidaregåande skule, Førde
  • Organisering: Dagtid – 3-4 dagar/veka

Vg2 helsearbeidarfaget

  • Skule: Flora vidaregåande skule, Florø
  • Organisering: Dagtid – 3-4 dagar/veka

Vg2 sal, service og tryggleik

  • Skule: Flora vidaregåande skule, Florø
  • Organisering: Dagtid – 3-4 dagar/veka

Vg1 teknikk og industriell produksjon

  • Skule: Mo og Øyrane eller Flora vidaregåande skule
  • Organisering: Dagtid

Vg1 bygg og anleggsteknikk (tømrar/treteknikk)

  • Skule: Stryn vidaregåande skule
  • Organisering: Dagtid

Kombinerte tilbod – klassar som både vaksne og ungdom kan søke på

Vg1 helse- og oppvekstfag

  • Skule: Høyanger vidaregåande skule
  • Organisering: Dagtid 5 dagar/veka

Vg2 helsearbeidarfaget

  • Skule: Høyanger vidaregåande skule
  • Organisering: Dagtid 5 dagar/veka

Vg1 restaurant og matfag

  • Skule: Sogndal vidaregåande skule
  • Organisering: Dagtid 5 dagar/veka

Agronomutdanning for vaksne

Er du vaksen (over 25 år) kan du gjennom 9 helgesamlingar i året og oppgåveløysing over internett, verte agronom på to år.

Skule: Mo og Øyrane vgs, kursstad på Mo

Andre fag

Dersom du har andre sluttkompetanseønske enn du finn i lista, kan du søkje det òg, men vi kan da ikkje garantere tidspunkt for når opplæringa kan ta ti, og korleis faget vert organisert.

Rettleiingstenesta for Indre Vestland

Ta kontakt med Reidun Liljedahl Fimreite
Epost reidun.liljedahl.fimreite@vlfk.no | Telefon 41530973 / 57638136

Rettleiingstenesta for Vestland Nord

Ta kontakt med Siv Kristin Flekke
Epost siv.kristin.flekke@vlfk.no | Telefon 41530715

eller Stein Inge Strøm
Epost stein.inge.strom@vlfk.no | Telefon 92893547