Gratis agronom- og gartnar-utdanning for vaksne

Vi tilbyr gratis utdanning som agronom og gartnar for vaksne. Utdanninga retter seg mot deg som har tilknyting til næringa. Bruk søknadsskjema og send søknad innan 1. april.

Kursstad

Vi tilbyr opplæring som gartnar ved Voss vgs, kursstad Hjeltnes, og agronom ved Stend vgs og Mo og Øyrane vgs. Utdanninga startar hausten 2020 og er lagt opp slik at du kan kombinere jobb og utdanning.

Bli agronom

Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr to-årig agronomutdanning for vaksne. Opplæringa er ein kombinasjon av fjernundervisning via Internett og samlingar på Mo. Inntakskrav er at du har kompetanse frå gardsarbeid, Vg1 naturbruksnivå eller tilsvarande, og at du har fylt 25.

Stend vidaregåande skule tilbyr to-årig agronomutdanning for vaksne. Studiet er lagt opp med 9 helgesamlingar og innlevering av oppgåver på Internett mellom samlingane. Målgruppa for utdanninga er vaksne over 25 år som treng kompetanse for å drive gard eller anna yrkesutøving innan landbruk.

Bli gartnar

Voss gymnas / Voss vidaregåande skule tilbyr to-årig utdanning som gartnar med kursstad Hjeltnes. Utdanninga er samlingsbasert med tre dagar kvar månad, onsdag til fredag. Utdanninga rettar seg mot vaksne som har behov for kompetanse fordi dei overtek gard eller jobbar innan næringa, og har fylt 25.

Kontakt oss

Besøk nettsidene til skulane for å finne søknadsskjema og utdjupande informasjon om faget. Det er skulane som handsamar søknaden og tildeler plass.