Sommarskulen 2020

Sommarskulen er eit gratis tilbod til elevar og lærlingar i offentleg vidaregåande opplæring.

Vi har undervisning i matte, og norsk for elevar med eit anna morsmål og kort butid i landet. I år er sommarskulen frå 22.juni til 3.juli, alle kvardagar frå kl. 08.30 – 14.00.

Kven kan melde seg på

Tilbodet om sommarskule gjeld for deg som er elev i offentleg vidaregåande opplæring i tidlegare Hordaland, og lærlingar/søkjarar til læreplass.

Kva fag kan du få undervisning i

Vi tilbyr undervisning i:

  • Matematikk for yrkesfag med eksamen - i Bergen, Knarvik og Stord.
  •  Matematikk for studiespesialiserande utan eksamen - i Bergen
  • Norskkurs utan eksamen for elevar med eit anna morsmål og kort butid i landet – i Bergen

Slik melder du deg på

Vi legg ut lenke til påmelding på denne sida onsdag 15.april 2020. Når du har meldt deg på, og det nærmar seg oppstart, vil du bli kontakta og gitt meir detaljert informasjon.

Gratis

Tilbodet om sommarskule er gratis. Du får frukost og lunsj kvar dag.

Samarbeidspartere

Sommarskulen er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Røde Kors.
Lærarar vil vere ansvarlege for undervisninga, med støtte frå frivillige frå Røde Kors.