Manglar du karakter i matte eller naturfag?
Gratis nettkurs for deg som vil ta privatisteksamen i matte og/eller naturfag for yrkesfag. Meld deg på innan 29. august.
Kven er kurset for?
Kurset er for deg som skal ta privatisteksamen i matte og /eller naturfag for yrkesfag til hausten, anten du er ungdom, lærlingar/lærekandidatar, eller vaksen som manglar faga frå vidaregåande opplæring.
Når er kurset?
Opplæringa skjer digitalt om lag to gongar i veka - på dagtid - frå september til privatisteksamen i november/desember.
Digitalt kurs
Kurset skjer for det meste digitalt på Teams, men det kan bli nokre fysiske samlingar på ulike plassar i fylket. Du vil få tilbod om individuell oppfølging vekentleg om du har behov for det.
Kartleggingssamtale
Før undervisninga kjem du til å ha ein samtale med rettleiingstenesta. Dei vil fortelle om opplæringa og kartlegge dine behov, slik at du kan få best mogleg opplæring.