Privatisteksamen og koronavirus

Det er for tidleg å seie kva konsevensar koronaviruset vil få for privatisteksamen i vår. Vestland fylkeskommune vil følgje råda til Folkehelseinstituttet og kommunen eksamen skal arrangerast i. Vi ventar òg på retningsliner frå Utdanningsdirektoratet.

Privatisteksamen er ikkje avlyst

Regjeringa har 25. mars bestemt at skriftleg eksamen for elevar i vidaregåande skule våren 2020 er avlyst. 

Det er ikkje bestemt kva som vil skje med skriftleg eksamen for privatistar. Kunnsskapsdepartementet ser på moglege løysingar for at privatistar skal få ta eksamen i vår.

Tid og stad for privatisteksamen våren 2020

Vi har no publisert datoar for privatisteksamen på privatistweb.no 

På grunn av situasjonen med koronavirus startar perioden for munnleg eksamen 4. mai. Sidan situasjonen framleis er uavklart, kan det bli endringar i den oppsette planen.