Vg 3 i skule

Vg3 i skule er eit tilbod til søkjarar som ikkje har fått læreplass, og skal føre elevane fram til fag- eller sveineprøve.

Tilbodet gjeld kvalifiserte søkjarar med ungdomsrett som står utan læreplass.

Skular og fag

Vg3 blir sett i gang når det ikkje er mogeleg å skaffe læreplassar i fag.

Vi vil legge ut informasjon på denne sida om kva skular og kva fag det gjeld når tilbodet blir oppretta.

Inntak til tilbodet

Inntaket til klassane blir gjort på grunnlag av karakterar.

Dei som kjem inn får melding frå skulen. Dei som ikkje kjem inn blir sett opp på venteliste til klassen er fylt opp. Dei som kjem på venteliste vil få melding om dette.