Koronavirus og konsekvensar for lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar

Utbrotet av koronavirus kan få fleire konsekvensar for deg som er lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat. På denne sida vil du finne oppdatert informasjon om situasjonen. Fylkeskommunen har ansvar for utdanninga di og du har lovbestemt rett til å fullføre utdanninga du har starta på!

Opnar for gjennomføring av fag- og sveineprøvar

Situasjonen med spreiing av koronavirus har konsekvensar for gjennomføring av fag- og sveineprøvar. I mange bransjar og fag er det ikkje mogleg eller forsvarleg å avvikle prøvar, medan det i andre kan gå heilt fint. Vestland fylkeskommune har bestemt å opne for gjennomføring av fag- og sveineprøvar der det er mogleg frå og med fredag 26. mars.

Prøvenemndene må i kvart tilfelle vurdere i samråd med prøvestad og kandidat om det er mogleg og forsvarleg å gjennomføre prøven. Gjeldande nasjonale føringar for smittevern skal alltid vere ein del av denne vurderinga.

Det er ein føresetnad at alle som skal vere til stades på prøven må vere heilt friske og at prøven kan gjennomførast i tråd med nasjonale føringar for smittevern. Prøvenemndsmedlemmane må vere fysisk til stades på prøven, det finst diverre ingen heimel for å gjennomføre prøvar digitalt via skype eller liknande.

Om medlemmane i prøvenemndene sjølve er hindra frå å gjennomføre prøvar fordi dei til dømes er i karantene, har omsorgsoppgåver for born som ikkje går i skule eller i barnhage, eller at arbeidsgjevar ikkje har moglegheit til å gi fri, må prøven utsetjast. Det same gjeld om medlemmane i prøvenemndene anten sjølve er i risikogruppa, har ein samfunnskritisk funksjon, eller er hindra av lokale reiserestriksjonar.

 

Kontrakten blir forlenga om du blir permittert eller sjukemeld

På grunn av den spesielle situasjonen som  vi er i no, kan bedrifter mellombels permittere lærlingar og lærekandidatar.

Hovudregelen er likevel at lærlingar og lærekandidatar er unntatt frå permittering dersom  bedrifta opplever redusert ordretilgang eller liknande. Dersom bedrifta ikkje lenger kan gje deg som lærling eller lærekandidat tilfredsstillande opplæring, kan du likevel bli permittert. Dette kan til dømes vere fordi fagleg leiar og instruktør er permitterte.

Om du blir permittert, skal du få skriftleg varsel og god informasjon frå bedrifta di.

Når bedrifta har bestemt at du skal permitterast, skal dei melde frå til Vestland fylkeskommune. Om du blir permittert, registrerer vi avbrot og forlenger kontrakten din. 

Her kan du lese Utdanningsdirektoratet sin informasjon til lærlingar og praksiskandat under koronautbrotet.

Du kan søkje om dagpengar om du er permittert

Dersom du er permittert og skal søkje om dagpengar, må du registrere deg som arbeidssøkjar hos NAV og legge ved permitteringsvarselet du har mottatt.

Les meir om rettar og plikter når er permittert på nettsidene til NAV.

Her finn du informasjon frå NAV til deg som er permittert som følgje av koronapandemien.

Du kan også lese om regjeringa sine tiltak for lærlingar og lærekandidatar i samband med koronapandemien her.

Dersom du ikkje har rett på dagpengar, bør du ta kontakt med NAV for å få rettleiing om kva rettar du har og kva ordningar som kan gjelde for deg.