Informasjon til lærebedrifter og opplæringskontor om koronavirus

Koronaviruset får store konsekvensar for lærebedrifter og opplæringskontor. Vestland fylkeskommune vil samle relevant informasjon på denne sida.

Uttale frå Yrkesopplæringsnemnda i Vestland 20. mars 2020

Yrkesopplæringsnemnda i Vestland oppmodar arbeids- og næringsliv til å ta vare på lærlingen.

Les heile uttalen her.

Gjennomføring av fag- og sveinprøvar

Situasjonen med spreiing av koronavirus har konsekvensar for gjennomføring av fag- og sveineprøvar. I mange bransjar og fag er det ikkje mogleg eller forsvarleg å avvikle prøvar, medan det i andre kan gå heilt fint. Vestland fylkeskommune har bestemt å opne for gjennomføring av fag- og sveineprøvar der det er mogleg frå og med fredag 26. mars.

Prøvenemndene må i kvart tilfelle vurdere i samråd med prøvestad og kandidat om det er mogleg og forsvarleg å gjennomføre prøven. Gjeldande nasjonale føringar for smittevern skal alltid vere ein del av denne vurderinga.

Det er ein føresetnad at alle som skal vere til stades på prøven må vere heilt friske og at prøven kan gjennomførast i tråd med nasjonale føringar for smittevern. Prøvenemndsmedlemmane må vere fysisk til stades på prøven, det finst diverre ingen heimel for å gjennomføre prøvar digitalt via skype eller liknande.

Om medlemmane i prøvenemndene sjølve er hindra frå å gjennomføre prøvar fordi dei til dømes er i karantene, har omsorgsoppgåver for born som ikkje går i skule eller i barnhage, eller at arbeidsgjevar ikkje har moglegheit til å gi fri, må prøven utsetjast. Det same gjeld om medlemmane i prøvenemndene anten sjølve er i risikogruppa, har ein samfunnskritisk funksjon, eller er hindra av lokale reiserestriksjonar.

Alle kurs for faglege leiarar og instrukturar er avlyste

Alle kurs for faglege leiarar og instruktarar er førebels avlyste.  Vi kjem tilbake med informasjon om nye kurs når vi veit meir.

Lærlingar og lærekandidatar som blir permitterte

Vestland fylkeskommune skal ha melding om lærlingar eller lærekandidatar som blir permitterte på grunn av koronaviruset. Når vi mottek meldinga registrerer vi avbrot i lærekontrakten. Om det er uvisst kor lenge permitteringa vil vare, vil vi reigstre eit ope avbrot.  Lærebedrifter og opplæringskontore skal bruke skjemaet i den blå boksen for å melde frå om permitterte lærlingar og lærekandidatar. Læretida vil bli forlenga tilsvarande lengda på permitteringa. 

Kva skjer med tilskotet om lærlingen eller lærekandidaten blir permittert?

Vi arbeider med å finne ut kva som vil skje med tilskotet for lærlingar og lærekandidatar som er permitterte på grunn av koronaviruset.