Gjennomføringsmidlar
Vi lyser ut midlar for å auke gjennomføring av vidaregåande opplæring. Midlane skal gi lærlingar og lærekandidatar med særskilte behov og/eller med svake norskferdigheiter og kort butid i Noreg mogelegheit til å oppnå ei fagutdanning.
Alle lærebedrifter som har lærlingar/lærekandidatar med ungdomsrett som er busette i Vestland fylkeskommune kan søkje midlane.
Gjennomføringsmidlane erstattar mellom anna tidlegare ekstraordinære tilskot frå Udir, som frå 1. januar 2020 ligg i ramma til fylkeskommunen. I tillegg ligg dei gamle stimuleringsmidlane til bedriftene og ot – midlar til korte kompetansegjevande kurs i denne potten.
Det er to typar gjennomføringsmidlar det er mogleg å søkje på:
Langvarige tiltak
Lærebedriftene kan få inntil 75 000 kr per lærling/lærekandidat i gjennomføringsmidlar. Søknaden gjeld for maksimalt eitt år om gangen, inntil 47 veker.
Søknadsfristen er 1. november.
Kortvarige tiltak
I tillegg kan lærebedrifter søke inntil 50 000 kr i ekstramidlar for kvar søkar til læreplass som er vanskeleg å formidle på grunn av vesentlege tilretteleggingsbehov. Her vil søkjar til læreplass få utprøving i bedrifta i inntil 3 månader.
Dei kortvarige tiltaka har ikkje søknadsfrist.
Fylkeskommunen har satt ei ramme for tilskot, dersom tal søknader overstig ramma, kan tildelinga verte lågare.
Kriterium for tildeling
- Det skal ha vore gjennomført dialog med rettleiingstenesta.
- Tilskotet skal berre nyttast til ekstra personalressurs for å sikre gjennomføring for lærlingar/lærekandidatar som har behov for styrka instruktørstøtte for å nå læreplanmåla.
- Bedrifta skal ha ein plan for heile læreløpet. Planen skal innehalde konkrete oppfølgingstiltak og informasjon om kvifor lærlingen/lærekandidaten har behov for ekstra tilrettelegging.
- Lærlingen/lærekandidaten skal ha ungdomsrett.
- Førsteårslærlingar blir prioritert.