Fylkesmeisterskap for yrkesfag

Vestland fylkeskommune arrangerer fylkeskonkurransar for elevar i yrkesfag. Vi vil i samarbeid med World Skills Norway legge til rette for deltaking i Skule-NM i aktuelle fag.

Det vil variere frå år til år kva fag det blir arrangert fylkeskonkurransar og Skule-NM i.

Fylkesmeisterskap 2022

Fylkesmeisterskapen 2022 ferdig. Dei fleste av vinnarane skal konkurrere i Skule-NM i april 2022.

Oversikt over vinnarane

Skule-NM

Det er den enkelte fylkeskommune som bestemmer kven som skal reise til Skule-NM.
Det er ein føresetnad at det er arrangert intern konkurranse i fylket blant interesserte elevar og skular.

I dei faga der det berre er ein skule som er interessert i å delta på Skule-NM, kan det konkurrerast internt på skulen.

Det vil variere frå år til år kva fag det blir arrangert NM i og kvar i landet det blir arrangert.

Du kan lese meir om Skule-NM på nettsida til Worldskills